Hopp til innhold

Tsjekkisk selskap leiter etter gull og titan i villreinområde

50 meter frå Noregs største nasjonalpark leiter tsjekkarar etter verdifulle metall. Grunneigarane er kritiske, og meiner naturen er uerstatteleg.

Område ved Ovaldsnuten i Eidfjord

Her på grensa mellom Eidfjord og Ullensvang trur Fjordmine Ltd. det er titan.

Foto: Bergljot Maria Veivåg Hauso

Hardangervidda er Noregs største nasjonalpark, og er heim til dei største villreinflokkane i Europa.

I august 2019 kom nokon frå det tsjekkiske selskapet Fjordmine Ltd til området, for å leite etter titan i området.

– Dei presenterte dette som om det var gode nyhende for oss, men det er ikkje slik me ser på det, seier grunneigar Bergljot Maria Hauso.

Biletet syner ein sidebekk i Gudmedalen som har erodert fleire meter ned fjellet.

GUDMEDALEN: Her vert det leita etter gull.

Foto: NGI

«Money talks»

Ho er ein av fleire grunneigarar som reagerer på aktiviteten til selskapet. 18. februar i år fekk dei ein ny undersøkingsrett som omfattar eit naturvernområde.

Området vert kalla Ovaldsnuten B og ligg 50 meter frå Hardangervidda nasjonalpark, på 1000 meters høgde mellom kommunane Eidfjord og Ullensvang.

– Dette er rett ved nasjonalparken. Vi har ingen ønsker om gruvedrift her. Og vi sa jo at det var utenkeleg at dei skulle få lov til store inngrep her. Bergljot

– Kva svarte dei på det?

– Dei svarte «money talks», her er det pengane som rår. Det blir berre for dumt. Dei kjenner tydelegvis ikkje til dei norske verdiane.

Om lag samstundes med at leitinga starta på Hardangervidda, starta Fjordmine Ltd og leiting etter gull i Aurland. Og dette er eit viktig beiteområde for villrein.

– Vi er jo lunkne til heile greia, men så lenge dei berre tek eit par steinar og litt grus frå bekken er det ikkje så farleg, seier grunneigar i Aurland, Sturle Ryum.

– Det blir noko anna om dei faktisk finn noko og det blir snakk om kommersiell drift. Det passar ikkje med Klondyke-stemning i eit område med villrein og urørt natur.

Nytt leiteløyve nær nasjonalparken

Det er Direktoratet for mineralforvaltning som gjev løyve til å leite etter mineral, såkalla undersøkingsrett.

Seniorrådgjevar Gunn Kristin Haukedal opplyser til NRK at selskapet Fjordmine Ltd. fekk undersøkingsrett to stader i Vestland i fjor vinter, og at det vart gjort undersøkingar på sommarstid.

Haukedal seier dei ikkje kan opplyse om selskapet har fleire søknader til behandling.

Bergljot Maria Veivåg Hauso, grunneigar i Eidfjord kommune

Bergljot Maria Veivåg Hauso

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

– Naturen er viktigast

Fjordmine Ltd. er eit underselskap av Subartic Exploration Group (Segas). Dei er baserte i den tsjekkiske byen Brno. Segas har mellom anna fleire gruveprosjekt på Grønland.

Selskapet vil ikkje stille til intervju med NRK, men har svart på fire skriftlege spørsmål.

Petr Dvorsky, ein av grunnleggarane av Segas, skriv at dei meiner at natur må komme før krav om profitt, og at dei set strenge miljøkrav i alle prosjekta sine.

Selskapet stadfester at dei har funne spor av gull i Aurland, men at dei enno ikkje er sikre på om det er titan på Hardangervidda.

Han svarer ikkje på spørsmål om korleis dei vurderer motstanden mot gruvedrift i dei aktuelle områda i Aurland og Eidfjord.