Hopp til innhold

Selskapet bad kundane halda kjeft om milliongevinst. No blir planane stoppa

1150 lokale straumkundar vart førespegla å få 310 millionar kroner på deling. Men no grip styresmaktene inn i den omstridde samanslåinga.

Stemmeavgivning i Fjelberg kraftlag på Halsnøy

RUNGANDE JA: Tilhengarane av å bli aksjeselskap mobiliserte sterkt og fekk 90 prosent fleirtal for kraftfusjonen på det ekstraordinære årsmøtet i desember.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Det vekte oppsikt då NRK i fjor haust fortalde om planen som kunne gi fleire hundre millionar kroner utbetalt til innbyggjarane i bygder i Kvinnherad kommune i Hordaland.

Utsegnene frå leiarane i Fjelberg Kraftlag om å skjula dette for sentrale styremakter var også oppsiktsvekkjande.

– No gjeld det å halde kjeft, sa styreleiar Sverre Olav Handeland på eit allmøte i oktober.

Uttalane og skjulte opptak frå møtet har i ettertid skapt stappfulle folkemøte og heit debatt. Lotteri- og stiftingstilsynet har også følgt saka.

Tilsynet grip inn

Samvirkeselskapet Fjelberg kraftlag har i 70 år levert straum i Halsnøy-området. No er planen å bli aksjeselskap og fusjonera med det større selskapet Haugaland Kraft.

Intensjonsavtalen inneber at Fjelberg Kraftlag AS får aksjar verd 310 millionar kroner i Haugaland Kraft og kan krevja at Haugaland Kraft AS kjøper aksjane tilbake innan eitt år.

Dei 1149 straumkundane som er medlem i kraftlaget kan dermed dela verdien på 310 millionar kroner viss selskapet blir lagt ned.

Kritikarar meiner fusjonsplanen er lovstridig. Og sidan Fjelberg Kraftlag har ein ideell føremålsparagraf for lokalsamfunn, må Stiftingstilsynet godkjenna omdanninga.

Dei har no konkludert om saka.

– Me har varsla avslag basert på det som ligg føre no, seier seniorrådgjevar Øystein Sellevold.

f.v. Kristoffer Vannes, Sverre Olav Handeland og Olav Linga

– LURT Å TEIA: Dagleg leiar Kristoffer Vannes i Fjelberg kraftlag (t.v.) og styreleiar Sverre Olav Handeland (midten) sa på møtet 15. oktober at å teia offentleg gir medlemane betre sjanse for å få 310 millionar kroner på deling. Til høgre: administrerande direktør Olav Linga i Haugaland Kraft AS.

Foto: Marius Tveit Nissestad / Grenda

«I di lomme»

Videoopptak frå allmøtet viser at dagleg leiar Kristoffer Vannes oppmoda dei frammøtte til ikkje å fortelja Stiftingstilsynet om den moglege effekten av fusjonen.

– Jo mindre av det som kjem ut i avisene og til Stiftingstilsynet, jo sikrare er du på å få pengane i di lomme.

Handeland sa at målet er å «slakta heile grisen».

Han har seinare avvist at det finst ein plan om millionutbetaling som han bad folk teia om.

– Me vil styrka selskapet, ikkje legga det ned og fordela verdiane.

Kompromissforslag

I november skreiv Stiftingstilsynet at dei ikkje ville godkjenne søknadar der verdiane skal delast ut til medlemane privat.

Leiinga i Fjelberg kraftlag tok i april konsekvensen av dette, og føreslo eit kompromiss: å plassera 42 av dei 310 millionar kronene i ei stifting med allmennyttig føremål for lokalsamfunnet.

No er også dette forslaget avvist.

Stiftingstilsynet meiner 42 millionar ikkje er nok, og skriv:

« ... interessene i saka tilseier at det vesentligste av Kraftlagets verdier skal gå til det opprinnelige formålet etter vedtektene, altså Stiftelsen. (..) Kraftlaget har angitt at deres forslag er endelig. (..) Vi varsler derfor at vi (..) vil avslå Kraftlagets søknad».

Kvinnheringen omtalte brevet først.

Per Ove Kviteberg (t.v.) og Knud Lorentzen

KRITIKARAR: Tidlegare styreleiar Per Ove Kviteberg (t.v.) i Fjelberg Kraftlag og advokat Knud Lorentzen har kalla prosessen rundt Fjelberg Kraftlag skakande og lovstridig.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Ny frist

Seniorrådgjevar Sellevold utdjupar til NRK at 41,7 millionar kroner til allmennyttige føremål er for lite:

– Forslaget frå selskapet tar ikkje i tilstrekkeleg grad omsyn til lova og dei opphavlege vedtektene til kraftlaget. Me meiner stiftinga skal få det vesentlegaste av midlane.

– Kva ligg i «det vesentlegaste» av totalverdien på 310 millionar?

– Det har me ikkje konkretisert. Dei har frist til 31. mai med å gi eit nytt forslag, så får me sjå kva vidare dialog medfører.

Styreleiar Handeland vil ikkje kommentera saka før han har drøfta situasjonen med styret og advokatar.