Hopp til innhold

Selje inn i legevaktsamarbeid

Etter ein politisk snuoperasjon sa kommunestyret i Selje ja til eit utvida legevaktsamarbeid måndag. Legevaktsamarbeidet betyr at alle seljeværingar frå februar av, må til Eid om dei treng legehjelp etter klokka 16. Tidlegare leiar for Nordfjord legevakt, Trond Inselseth, var henta inn, og han argumenterte sterkt for å gå inn i samarbeidet. Inselseth meinte Selje ville få store problem med å rekruttere fastlegar til den omfattande vaktordninga ein ville få dersom ein står utanfor samarbeidet. Fleirtalet gjekk inn for ordninga. Den skal evaluerast etter eitt år.