Hopp til innhold

Denne posen med frisk breluft blei seld for 200 dollar: – La det ut på rein humor

Kor mykje ville du betalt for ein plastpose med breluft? Jo Marius Bøyum Bøyabreen frå Fjærland fekk 200 dollar!

Jo Marius Bøyum Bøyabreen med ein pose luft.

RÅDYR LUFT: Denne posen med frisk breluft selde Jo Marius Bøyum Bøyabreen for 200 dollar på Ebay.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Her har vi det. Gullet, seier Jo Marius Bøyum Bøyabreen.

Han held opp ein blank plastpose og smiler. For tre år sidan tok han ein heilt vanleg brødpose, fylte den med luft og knytte igjen.

Noko vi alle kunne funne på å gjere, men dei færraste ville lagt den ut for sal på Ebay.

– Der såg eg at det var ein kar frå USA som la ut luft derifrå. Då tenkte eg at då kan eg legge ut frå Bøyabreen og. Eg tenkte: Det kostar ikkje noko å legge ut ein annonse, seier han.

202 dollar blei salssummen, eller 1659 norske kroner, med dagens kurs. I tillegg kjem frakta på 55 dollar.

– Dette er jo frisk og god breluft så då måtte eg litt opp i pris.

Det var Sogn Avis som omtalte saka først.

Gløymde annonsen

Jo Marius Bøyum Bøyabreen humrar når han fortel om korleis det er å selje sand i Sahara – eller som i dette tilfellet, luft i pose.

– Det var berre kødd. Eg la det ut på rein humor. Så gløymde eg annonsen heilt til eg fekk ein e-post her om dagen om at eg hadde fått ein som ville kjøpe denne posen med luft.

Kjøparen er ein person i London.

– Han syntest det var ein så spesiell annonse, at dette måtte han berre slå til på.

Seljaren i Sogn tykkjer det er tankevekkande at folk er så isolerte i pandemien at dei kjøper frisk luft på nett.

– Dei har hatt strenge restriksjonar det siste året, så eg skjønar han litt. Men ein kan ikkje forsvare at ein kjøper ein pose med luft til 200 dollar, pluss frakt.

Ebay-annonsa til Jo Marius Bøyum.

FEKK KJØPAR: Annonsen på Ebay som Jo Marius Bøyum Bøyabreen la ut.

Satsar ikkje på luft-sal

Han er ikkje aleine i verda om å selje frisk luft. I 2013 blei Chen Guangbiao frå Kina verdskjend då han annonserte at han ville selje tibetansk fjelluft på boks.

Rett nok med eit tydeleg miljøperspektiv.

– Dersom vi ikkje snart byrjar å bry oss om miljøet, vil våre barn og barnebarn kunne vere nøydde til å gå med gassmasker og oksygentankar, sa han den gongen.

Til vanleg er Bøyabreen turistvert og driv den tradisjonsrike kafeen Brævasshytta, som ligg med utsikt til Bøyabreen i Fjærland.

Trass i tøffe tider i reiselivet, kjem han ikkje til å endre forretningsstrategi.

– Det er jo gøy at det sel. Men det er kanskje ikkje dette eg kjem til å livnære meg på, seier han og ler.

– Kva seier seljaren då?

– Han var mest oppteken av korleis eg skulle få lufta i posen.

Men ordna seg. Og no er ein pose med luft på veg i posten til England.

Chinese Billionaire Takes Hundreds Of Homeless To Lunch In Central Park

SELDE LUFT: Den kinesiske forretningsmannen Chen Guangbiao blei i 2013 omtalt over heile verda då han ville selje tibetansk fjelluft på boks.

Foto: Andrew Burton / AFP