Hopp til innhold

Selde Astrup-kunst for over ein million

I går gjekk dei første av 45 arbeid av Nikolai Astrup under hammaren. Dei første 11 verka gjekk til ein samla pris av nær 1,2 millionar kroner.

Hans Richard Elgheim

AUKSJONARIUS: Hans Richard Elgheim hos Grev Wedels plass Auksjoner såg 11 av 12 Astrup-verk skifte eigarar i går kveld. Neste veke skal ytterlegare 35 verk under hammaren. – Mange av desse ligg i prisklassen 5.000 – 10.000 kroner. Med andre ord, ein eineståande sjanse for å skaffe seg ein Astrup for ein for mange overkommeleg pris, seier Elgheim.

Foto: Heiko Junge / Scanpix

Maimåne

SJELDAN: Denne utgåva av «Maimåne» vart skildra som ein sjeldan vakker utgåve.

Foto: Grev Wedels Plass Auksjoner

Auksjonshandelen omsette kunst for seks millionar kroner under tysdagens «Fokus 1900»-auksjon.

11 kunstverk av Nikolai Astrup stod for ein femtedel av omsetnaden.

– Interessa har vore både stor og brei, noko den også vil vere neste torsdag når resten av samlinga skal seljast, seier Hans Richard Elgheim.

Forhandlar framleis

Kvernhus ved Eikaas

OVER TAKST: Fleire av verka gjekk i forhold til vurderinga, medan «Kvernhus ved Eikaas» gjekk godt over takst.

Foto: Grev Wedels Plass Auksjoner

Kunstsamlinga Grev Wedels plass Auksjoner skal ha under hammaren er unik. Den tel i alt 45 arbeid, og store delar av samlinga kjem rett frå Astrup-familien og har aldri vore på marknaden før.

Det dyraste verket, «Vårnatt og seljekall», er eitt av to verk frå andre eigarar.

Fargetresnittet av den kjende seljekallen, med isdronninga i bakgrunnen var vurdert til ein million kroner. Det vart ikkje selt.

– Minsteprisen var dobbelt så høgt som det motivet gjekk for i 2014. Det var eit eksepsjonelt fint eksemplar, men vurderinga var tydelegvis for høg. Det går no føre seg no forhandlingar med fire interessentar, seier Elgheim.

Ikkje overvurdert

Vårnatt og Seljekall

USELD: «Vårnatt og Seljekall» vart vurdert til ein million kroner. Verket vart skildra som truleg eit av dei flottaste eksempel på svært lenge som har vore på marknaden. Truleg vil det gå for mellom 500.000 og ein million kroner dei næraste dagane.

Foto: Grev Wedels Plass Auksjoner

Sjølv om «Vårnatt og seljekall» ikkje gjekk under hammaren tysdag, meiner ikkje Elgheim at auksjonshandelen har overvurdert effekten av den auka interessa rundt Astrup-kunsten.

I fjor vart Jølster-kunstnaren lansert i England og Tyskland. No jobbar også Sparebankstiftinga DNB med å lansere Astrup i USA .

– Ser ein på dei andre sala, så gjekk dei for prisvurderinga eller over. Verka på toppnivå er det uansett få som byr på. Har dei allereie verket, så kjøper dei uansett ikkje, seier Elgheim.

Populært Kvernhus

Dyraste verk var oljemåleriet «Kvernhus ved Eikaas» som gjekk for 460.000 kroner. Det var 160.000 kroner over takst.

I tillegg gjekk Nils Krantz sin kolstift «Portrett av Nikolai Astrup» for 21.000 kroner. Det var 6.000 over takst.

– Det var mykje vestlendingar, men også austlendingar blant kjøparane. Etablerte samlarar, men også nye fjes, som tydeleg ynskte seg ein Astrup. Den siste kategorien vil vi nok sjå meir til neste torsdag når resten av dei 35 arveeigde i samlinga skal seljast, seier Elgheim.