Vestavind kraft AS som utviklar vindkraftprosjekt på Vestlandet, er selt til Svelgen Kraft Holding. Tidlegare var det sju kraftselskap på Vestlandet som eigde verksemda Vestavind.
Bakgrunnen for salet, er at fleire av desse selskapa ynskte å konsentrere seg om vasskraftprosjekt. Det skriv selskapet i ei pressemelding.
Etter salet er selskapa frå Hordaland og Rogaland ute av Vestavind, medan selskap frå Sogn og Fjordane og Sunnmøre framleis er med.
– Vestavind Kraft har fleire gode vindkraftprosjekt under utvikling og vi ser moglegheiter for verdiskaping ved å kjøpe opp Vestavind Kraft, seier Ola Lingaas som er styreleiar i Svelgen Kraft Holding og leiar for styret i Vestavind Kraft.
- LES OGSÅ:
Svelgen Kraft Holding ønskjer no å vidareutvikle Vestavind vidare for å kunne få realisert prosjekta i samarbeid med eksterne investorar.
– Vestavind Kraft har ein prosjektportefølje på om lag 200 MW, og dette er gode prosjekt når ein ser på vindressursar og infrastruktur. Dei fleste prosjekta er under konsesjonshandsaming og det tek tid å få fram investeringsklare vindkraftprosjekt, seier Lingaas i ei pressemelding.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ: