Hopp til innhold

Seksuell empati i kultursekken

Kommande vår får ei rekkje ungdomsskuleelevar sjå ei annleis teaterframsyning i regi av Den kulturelle skulesekken.

Jarl Flaaten Bjørk i stykket "Seksuell empati".

Jarl Flaaten Bjørk er skodespelar i stykket Seksuell empati vol 1, som skal turnere i regi av Den kulturelle skulesekken i Sogn og Fjordane våren 2010.

Foto: Seksuellempati

Teaterframsyninga "Seksuell empati" tek opp tema knytt til kroppspråk og mellommenneskeleg kommunikasjon.

- Eg trur at veldig mange festvaldtekter er såkalla aktlause valdtekter. Eg trur det er misforståingar i den seksuelle kommunikasjonen som gjer at det endar opp i valdtekt, seier mannen bak, og i stykket, Jarl Flaaten Bjørk.

Kvar går grensene

Kva som gjer ei handling til ei seksuell handling, og kvar grensene går for kva som er krenkande, er sentrale spørsmål i framsyninga.

- Både medieverda og dei unge sine verkelege liv er blitt stadig sterkare seksualiserte. Kva gjer det med oss – og kven bestemmer kvar grensene går, skriv rådgjevar ved fylkeskulturavdelinga, Margrethe Henden Aaraas, i ei pressemelding.

Spelar tre roller

Det er skodespelar og manusforfattar Flaaten Bjørk som turnerer den første perioden framsyninga blir spelt i Sogn og Fjordane. Flaaten har tre roller i stykket. I ei av rollene spelar han tøffingen Chris som let publikum "bli med" på fest der han sjekkar opp Ane. Dei to fortel heilt ulike historier om det som skjer etter festen.

- Det at "jenta eigentleg vil, sjølv om ho seier nei" lev ufatteleg godt også i dag. Gutar heller skjønar ikkje heilt kva dei er med på. Eg trur det blir ei "aha-oppleving" for ein del. Også for lærarar, seier Flaaten Bjørk.

- Det blir stille

Flaaten lot seg inspirere av straffelova og eigne erfaringar då han skreiv stykket. "Seksuell empati" er tidlegare vist for elevar i ungdomsskulen i Rogaland, Vest-Agder, Akershus og Vestfold - til saman nær 230 gonger.

- Det er litt knising og fjolling i byrjinga. Det er forståeleg. For sex er både fjollete og moro. Men etterkvart stramar det seg til og det blir stille. Eg utviklinga kjem som eit sjokk på publikum - slik som med jenta i historia, seier Flaaten Bjørk.

Åtte skular

Den første veka i januar skal framsyninga visast for elevar på ungdomsskulane i Fjaler, Askvoll og Bremanger. I mars og april går turen til Hornindal, Gloppen, Førde, Naustdal og Flora.

- Eit viktig mål med framsyninga er å medverke til at ungdomen sjølv får eit sterkare medvit om kva press og haldningar som rår, og korleis dei sjølve er ein del av spelet, seier Henden Aaraas.