Hopp til innhold

Seks personar dømde for kidnapping i Bergen

Den 40 år gamle mannen vart dratt inn i ein varebil og utsett for vald over fleire timar. No er fire menn og to kvinner dømde for kidnappinga i Bergen.

Politiaksjon i Nipedalen etter kidnapping av mann i Bergen 26.oktober 2018

STOR AKSJON: Store politistyrkar vart sett inn i leitinga etter fleire gjerningspersonar etter at ein mann vart kidnappa i Bergen 26. oktober 2018.

Foto: Marit Stensby / NRK

Det var natt til 26. oktober 2018 at fleire bebuarar ved Nygårdsgaten og Hans Tanks gate i Bergen sentrum vakna av leven utanfor.

Ein av naboane vart vitne til at ein mann blei dratt inn i ein varebil. Bebuaren varsla politiet klokka 02.10 og utover natta utvikla det seg til ein storstilt væpna politiaksjon. Til slutt vart fire personar arresterte den dagen.

No er totalt seks personar, fire menn og to kvinner, dømde for kidnappinga. Alle får fengselsstraffer frå mellom 1 år og åtte månadar og ned til 120 dagars fengsel.

Mennene er også dømde for å ha utøvd vald mot 40-åringen.

– Valden har karakter av mishandling. Fornærma vart utsett for store påkjenningar både fysisk og psykisk i det som må ha vore ei svært dramatisk natt for han, slår dommen frå Bergen tingrett fast.

Politiet sjekkar bilar på Laksevåg etter kidnapping i Bergen 26.oktober 2018.

VÆPNA POLITI: Væpna politistyrkar stogga alle bilar inn og ut av Laksevåg i Bergen i jakta på fleire gjerningspersonar.

Foto: Marit Stensby / NRK

Stor politijakt

Politiet brukte varmesøkjande kamera, dronar, hundepatruljar og fekk også bistand frå politihelikopteret frå Oslo i jakta på gjerningspersonane.

Jakta flytta seg etter kvart frå sentrum til bydelen Laksevåg, der væpna politipatruljar mellom anna stogga bilar og bussar på fleire vegstrekningar.

Ved 05.45-tida fann politiet to bilar ved Tennebekktjørna i Nipedalen. Då dei kom til staden la fleire av gjerningspersonane på sprang.

Like etter melde ein bussjåfør frå til politiet om at ein mann utan sko og bundne hender hadde kome på bussen og bedt om hjelp.

Det viste seg å vera den 40 år gamle mannen som vart dratt inn i varebilen i Bergen sentrum nokre timar før.

ARRESTERT: Ein av dei tiltalte mennene vart pågripen i eit bustadfelt på Lyngbø i Nipedalen.

Ute etter pengar

Under rettssaka i Bergen tingrett førre månad, fortalde han om valden han vart utsett for.

– Dei slo meg, køyrde ei sprøyte i meg og hoppa oppå meg. Eg vart trua med kniv og slått med knokejern. Det var heilt forferdeleg, sa mannen, ifølge Bergens Tidende.

Ein av dei tiltalte mennene, som erkjente delvis straffskuld i retten, har ifølge Bergensavisen forklart at dei var ute etter pengar frå den fornærma.

Også påtalemakta meiner økonomisk motiv låg bak kidnappinga. BA skriv at det i etterforskinga av saka dukka opplysningar om at fleire av gjerningspersonane har seld narkotika for fornærma, men det avviste 40-åringen i retten.

Brukt som «lokkeduer»

Fire menn og to kvinner, alle i 20-åra, var tiltalt i saka.

Dei fire mennene var tiltalt for kidnapping eller medverknad til kidnapping, samt vald og medverknad til ran. Dei to kvinnene var tiltalt for kidnapping eller medverknad til kidnapping.

To av mennene og ei av kvinnene nekta straffskuld under rettssaka, ifølge BT.

Kvinnene skal ha blitt brukt som «lokkeduer», for å få den fornærma til Hans Tanks gate der varebilen og dei fire mennene dukka opp.

Dei tiltalte har fått følgande dom frå Bergen tingrett:

  • Mann (26): Dømd til fengsel i eitt år og fem månadar.
  • Mann (25): Dømd til fengsel i eitt år og åtte månadar.
  • Mann (23): Dømd til fengsel i eitt år og sju månadar.
  • Mann (20): Dømd til fengsel i eitt år og åtte månadar.
  • Kvinne (24): Dømd til fengsel på vilkår i 120 dagar, med prøvetid på tre år.
  • Kvinne (23): Dømd til fengsel på vilkår i 120 dagar, med prøvetid på tre år.

BT skriv at ransofferet sjølv har ei kriminell fortid. 40-åringen vart i 2013 dømd til tvungent psykisk helsevern for drapsforsøk mot to menn utanfor puben Finnegans i Bergen.