Hopp til innhold

Sein opprydding gav helseplager

At det ikkje blei rydda opp i illeluktande avfall før tre år etter eksplosjonsulykka hos Vest Tank i Sløvåg, kan ha hatt betydning for helseplagene til folk i området, skriv Firda. Konklusjonen vert presentert i doktorgraden til Gro Tjalvin ved Universitetet i Bergen. Her kjem det fram at folk som vart utsette for langvarig, illeluktande luftforureining blant anna sleit meir med søvnvanskar, stress-symptom og depresjonar enn folk som budde lenger vekke frå anlegget.

Vest Tank
Foto: Kåre Næss