Bergen seier nei til forbod mot tigging

Byrådet i Bergen går mot si eiga regjering og seier nei til eit generelt tiggeforbod. – Det vil råka personar som faktisk er avhengig av pengane dei får på gata, seier sosialbyråden frå Frp.

Fleire tiggarar i Bergen

SEIER NEI TIL FORBOD: - Eit generelt tiggeforbod vil råka personar som faktisk er avhengig av pengane dei får på gata, seier sosialbyråd Eiler Macody Lund frå Frp.

Foto: Ole-Andre Lagmandokk / NRK

Eiler Macody Lund

Sosialbyråd i Bergen, Eiler Macody Lund frå Framstegspartiet.

Foto: Magnus Aamo Holte / NRK

SISTE: Etter det NRK forstår, kjem departementet til å stoppa heile prosessen med å innføra tiggeforbod i Norge.

Saka om tiggeforbod er ute på nasjonal høyring, og i Bergen seier altså byrådet nei.

I staden ynskjer byrådet, som består av Høgre og Framstegspartiet, eit forbod mot organisert tigging.

Høyringsfristen i saka er 15. februar. Forslaget frå regjeringa har skapt reaksjonar, også internasjonalt. I tillegg opnar forslaget for at folk som hjelper tiggarar kan få fengselsstraff.

– Ikkje dei vi er ute etter

Sosialbyråd Eiler Macody Lund (Frp) meiner eit generelt tiggeforbod vil råke personar som faktisk er avhengige av pengane dei får på gata.

– Vi synest ikkje det er riktig. Det er mange som tiggar for seg sjølv og eventuelt familien. Det er ikkje dei personane vi er ute etter.

– Men de går i mot valprogrammet til dykkar eigne parti?

– Vi sender eit sterkt signal til regjeringa. Her i Bergen meiner vi at ein må ha ei meir liberal haldning til denne problematikken. Bergen har alltid vore ein open og inkluderande by, svarar sosialbyråden.

Torsdag vart det også klart at Senterpartiet trekk støtta sin til tiggeforbodet. Dermed har ikkje regjeringa støtte i Stortinget.

Vil organisert tigging til livs

Det er det generelle nasjonale tiggeforbodet byrådet i Bergen ikkje vil ha noko av. Derimot er dei klare på at det må komma eit forbod mot organisert tigging.

– Det er ei heilt anna skål og her støttar vi oss til kva politiet og andre internasjonale land seier om organisert tigging. Det er organisert kriminalitet som drar med seg andre faktorar som prostitusjon, narkotikahandel, vinningskriminalitet og det som verre er.