Hopp til innhold

Seier nei til kraftgigant på Vestlandet

Styret i Sogn og Fjordane Energi (SFE) vil ikkje slå seg saman med BKK og Hydro. 12. oktober skal eigarane avgjera om dei legg planane vekk, eller held fram med utgreiingane om eit nytt kraftselskap på Vestlandet.

– No har styret i SFE sagt si meining om dette, og så er det eigarane som til sjuande og sist bestemmer om dei vil gå vidare med eller skrinlegge prosjektet, seier Johannes Rauboti, konsernsjef i SFE, i ei pressemelding.

Sidan våren 2017 har det blitt jobba med planar om å slå saman SFE, BKK og delar av Hydro til eit nytt kraftselskap kalla Vestlandskraft.

For politikarane i Sogn og Fjordane har det vore viktig å sikra at kraftverdiane blir verande i fylket etter samanslåinga med Hordaland. I pressemeldinga skriv SFE at styret og administrasjonen har vore usikre på om alternativet gir fod nok lokal kontroll og eigarskap til viktige naturressurar, og om det tek vare på lokale arbeidsplassar, kompetane og aktivietet i stor nok grad. Dei vurderer ulempene som større, enn verdigen av dei reduserte kostnadane dei forventar ved ei samanslåing.