Seier nei til Dalsfjordbru

FrP i fylket meiner brua er blitt for dyr.

Dalsfjordbrua
Foto: Teikning: Statens vegvesen

Framstegspartiet vil ikkje lenger at Dalsfjordbrua skal byggast. Det bestemte rådsmøtet i fylkespartiet i helga.

Satsar på opprusting

FrP seier at dei snur fordi prisen på prosjektet har meir enn dobla seg dei siste åra. Dermed blir ikkje brua lenger fornuftig å prioritere.

I staden vil FrP ruste opp riksveg 609 mellom Askvoll og Førde.

Les også: - Dalsfjordbrua skal byggast