Seier nei til Stortinget av omsyn til ungane sin oppvekst

Erling Sande seier nei til attval til Stortinget. Omsynet til dei to små ungane heime på Vereide gjer at den røynde politikaren takkar for seg etter valet neste år.

Erling Sande (Sp)

FAMILIEN FØRST: Erling Sande har lenge vore ein av Senterpartiet sine fremste på Stortinget. No vel han å seie nei til renominasjon.

Foto: Stian Lysberg / Scanpix

Erling Sande har møtt som varamedlem for Senterpartiet på Stortinget sidan 2005, og har møtt fast etter at Liv Signe Navarsete gjekk inn i Stoltenberg 2- regjeringa.

No vel han å gje tidleg melding til valnemnda om at han ikkje ønskjer renominasjon før valet til neste haust.

Ungane avgjorde

– Bakgrunnen er ganske enkelt at sidan forrige runde så har eg då fått to små ungar, og det er sjølvsagt meir krevjande å vere vekependlar med ein liten familie, enn det var då eg først var berre meg sjølv og deretter berre to ein periode. Så det er rett og slett fordi at eg har lyst å ha meir tid i lag med familien min, seier Sande til NRK.

På Stortinget har Sande hatt fleire viktige verv, seinast no som leiar for miljø- og energikomiteen.

– Eg synes jo at eg har ein av dei mest spennande jobbane i landet. Eg mistrivst ikkje i jobben min, men samstundes ser eg veldig fram til å kunne vere meir familiemann og følgje opp litt meir på heimebane enn det eg har gjort dei siste åra, fortel ein ærleg Sande.

(Artikkelen held fram under biletet)

Erling Sande og Åslaug Haugset

TEK OMSYN: Erling Sande og Åslaug Haugset har no born saman, og han vel no å seie nei til attval til Stortinget av omsyn til familien.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Tøft og krevjande

– Er det krevjande å kombinere rikspolitikk med familieliv?

– Eg vil seie at det er ein krevjande situasjon. Det er mange som har ein slik situasjon, og i periodar av livet så går jo det bra. Særleg om ein er så heldig som meg som har ei på heimebane som verkeleg har stått på og fylgt opp når ho har vore åleine. Men det er ei tid for alt, sler Sande fast.

Tykkjer han har vore heldig

Han meiner at prioriteringa han har gjort no er rett. Han såg ikkje nett fram til fem nye år med vekependling frå Vereide til Oslo.

– Det kjem heilt sikkert til å vere ting ved rikspolitikken eg kjem til å sakne. Eg har vore veldig heldig tykkjer eg sjølv, først har eg vore heldig fordi folk i Sogn og Fjordane har gjort til at eg har hatt denne jobben. Eg er veldig takknemleg for at eg har fått dei moglegheitene eg har fått, seier Sande.