Seier ja til riving

Sivilombodsmannen støttar Fylkesmannen i si uttale om at ein kan rive det omstridde Vikenhuset på Skei i Jølster.

Det var Fortidsminneforeininga som hadde klaga på Fylkesmannen si saksbehandling, og meinte at vedaket om riving ikkje var gyldig, men det har Sivilombodsmannen no avvist.

I dag skal kommunestyret i Jølster på ny handsame saka, etter at SV har bede om ei ny sak, etter at fleire partar har lagt fram planar for huset.