Hopp til innhold

Seier ja til ny storskule i Førde

Det skal byggjast ein ny vidaregåande skule i Førde til 720 millionar. Det bestemte opplæringsutvalet fylket i dag.

Skisse av ny skule i Førde

SKISSE: Kanskje skulen vil sjå slik ut? Dette er ein skisse som fylkeskommunen har fått laga.

Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune

I dag vart det vedteke å byggje ein ny storskule i Førde. Skulen skal samle Hafstad og Øyrane vidaregåande i eitt bygg.

Det nye skulebygget vil ha eit samla areal på 20.227 kvadratmeter. Det skal også romme ein større gymsal og ny tannklinikk. Skulen skal byggast på Indre Øyrane i Førde.

Målet er at han skal stå klar i løpet av 2022.

– Dette visar at skule er noko vi ønskjer å satse på i fylket vårt, seier Karianne Torvanger, leiar i hovudutval for opplæring.

Byggjer nytt på Kaupanger

Opplæringsutvalet gjekk også inn for innspelet frå KrF om å byggje skulen som eit klimanøytralt bygg.

– Det betyr at ein skal ta i bruk tre i bygginga av skulen, fortel Torvanger.

Også på Kaupanger skal det byggast nytt. Der vert det sett av 140 millionar kroner til utbygging av Songdal vidaregåande skule si avdeling. I tillegg skal det byggast ein utleigedel der Vitensenteret skal halde til.

Saka skal endeleg vedtakast av fylkestinget.

Blir medielinje i Sogndal

Eit anna punkt på sakslista til hovudutvalet for opplæring var kva studieretningar som skal få halde fram til neste år.

Dei bestemte at det blir ein medieklasse på andre trinnet på Sogndal vidaregåande skule til neste år. På førehand var det tilrådd at denne ikkje vart sett i gang.

– Vi har jobba godt i lag med administrasjonen og politikarane, og vi har funne ei løysing som gir rom for tilbodet. Eg er veldig glad og fornøgd med at vi har fått til det, og på den måten fått vareteke elevperspektivet, seier Torvanger.