Hopp til innhold

Seier ja til dørfabrikk i Årdal

Styret i dørprodusenten Dooria er positive til å etablere seg i Årdal. Det opplyser direktør Knut Løvdal etter styremøtet torsdag kveld.

 

Løvdal seier dette betyr at ei etablering i Årdal no er endå eit skritt nærare realisering. No ventar dei ei avklaring frå Hydro på eit leiarmøte 27. februar.

Etablerer Dooria seg i Årdal, betyr det 60 nye arbeidsplassar til industribygda. 

Både Innovasjon Norge og det statlege eigedomsselskapet SIVA har løyvd pengar til nyetableringa.