NRK fortalde måndag om «Julie» (20), som håpte at den psykisk sjuke mora skulle verte tvangsinnlagd.
Mora har ved fleire høve blitt lagt inn på psykiatrisk avdeling – men har sjølv skrive seg ut att. No sit ho varetektsfengsla etter fleire episodar med truande oppførsel i nærmiljøet.
– Saker som dette er noko av det vondaste eg les om. Det er tydeleg at vi med dagens reglar ikkje klarar å gi den hjelpa dei skal få, seier stortingspolitikar Nicholas Wilkinson (SV).
I 2017 vart lova om psykisk helsevern endra med mål om å redusere bruk av tvang. Lovendringa gjev pasientar med samtykkekompetanse større fridom til å seie nei til behandling, men endringane er omstridde.
Vil ta ein revisjon av alle tvangsheimlar
Det regjeringsoppnemnde Tvangslovsutvalet (også kalla «Østenstad-utvalet») kom i 2019 med forslag til ny lov. Høyringsfristen gjekk ut i desember i fjor, men lovforslaget frå regjeringa har late vente på seg.
– Det går fram av Granavolden-plattforma at vi vil ta ein revisjon av alle tvangsheimlar. Regjeringa vil fremje eit lovforslag så fort det let seg gjere, seier Maria Jahrmann Bjerke (H), statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet.
Ho legg til:
– Terskelen for å bruke tvang er – og skal vere – høg. Samtidig forstår eg godt at det er fortvilande for pårørande når den ein er glad i, ikkje vil ta imot hjelp.
SÅ FORT VI KAN: – Vi vil ta ein revisjon av alle tvangsheimlar så fort det let seg gjere, seier statssekretær Maria Jahrmann Bjerke (H).
Foto: Camilla H. Wernersen / NRK– Vanskeleg å setje seg inn i
Østenstad-utvalet sto for den tredje offentlege utgreiinga av Helsevernlova sidan 2004. Dei to fyrste var ved Bernt-utvalet (2004) og Paulsrud-utvalet (2010).
– Lite av dette arbeidet er avspegla i lovverket, fordi emnet er så komplekst og krevjande å handsame politisk.
Det seier Reidar Pedersen, som er leiar for Senter for medisinsk etikk ved Universitetet i Oslo.
Han har evaluert lovendringane frå 2017 på vegner av Helsedirektoratet, og minner om at helselovgjevinga fyrst og fremst skal gagne den sjuke. Men også verne pårørande og samfunnet rundt.
Problemet er at desse omsyna kan bli motstridande, forklarar han:
– Om vi hevar terskelen for tvangsbruk, så er gevinsten meir sjølvråderett. Samtidig risikerer vi at litt fleire ikkje får hjelp, avlasting eller beskytting frå helsetenestene. I tillegg er det mykje vi ikkje veit om effektane av tvang.
Komplisert spørsmål
– Eg føler veldig med Julie og det håplause i situasjonen når ho ser at mora «går til grunne», seier Kjersti Toppe (Sp) i Helse- og omsorgskomiteen på Stortinget.
– Det er klart at redusert bruk av tvang var eit viktig mål i 2017, men når det fører til meir vald og tvang i politiet og at sjuke menneske ikkje får hjelp frå helsevesenet, er det noko helt grunnleggjande feil.
HÅPLAUST: – Eg føler veldig med Julie når ho ser at mora «går til grunne», seier Kjersti Toppe (Sp).
Foto: Ole Berg-Rusten