Hopp til innhold

Seibiff med løk

Steikt seibiff med løk og brun saus er ein klassikar, eller som kokk Pål Drønen seier - seibiff med løksaus.

Seibiff med løksaus
Foto: Egil Torheim / NRK

Sei er ein svært mager fisk så difor treng du sausen.

Nokon vil hevda at seibiff berre skal serverast med steikt løk, grønsaker, smør og poteter. Dei om det. Her får du varianten med brun saus.

Start med å venda seibiff-filtetane i ei blanding av mjøl, salt og peppar. Berekn 150-200 g pr.porsjon. Steik dei på middels varme i 10-12 minuttar. NB: pass på å snu undervegs.

Mjølblandinga gjer at den magre fisken trekkjer til seg steikefeittet/smøret så kanskje må du ha på smør undervegs. Det blir best resultat når du steiker i smør.

Brun løk på ei anna steikepanne og lag brun saus i ein kasserolle. Lagar du sausen frå botn av med å bruna mjølet så pass på at du ikkje svir - det er fort gjort. Du kan og bruka ein ferdig saus.

Server den ferdige biffen med rotgrønsaker og nykokte poteter.

Hør reportasjen: Kokk Pål Drønen lagar seibiff med brun løksaus.