Seglfly naudlanda på Voss

Eit seglfly naudlanda på ei eng på Palmafossen i Voss herad i 12-tida. Det opplyser politiet. Både ambulanse og brannvesen rykte ut. Piloten var komen ut av flyet, og såg ikkje ut til å vera skadd, skriv lokalavisa Hordaland.