Hopp til innhold

Han tek sauene med på siste reis

Når haustfargane set sitt preg på landskapet i fjellet, er det tid for sauesanking og slakting. For Nortura-sjåfør Helge Nedrebø betyr det mange lange dagar.

Created by InfoDispatcher

SISTE TUR: For sauene med raudt merke på er skjebnen allereie lagd. Dei endar på slaktehuset til Nortura i Førde. Foto/redigering: Gro Ravnestad/Tone Merete Lillesvangstu

Og det er ikkje alltid all verdas brei veg der han og dyrevogna skal hente dyr.

– Nei, av og til er det jo både smalt og svingete. Men det går no stort sett greitt. Med litt smidigheit så løyser det meste seg, seier Nedrebø, medan han fører bilen sikkert langs den svingete vegen.

134 sauer står klare på sankeplassen i Gjengedalen for å bli med på siste reis i morgontimane tysdag, med slaktebilen til Nortura sitt anlegg i Førde.

Har vore litt for tørt

Sauebonde Finn Hauge tykkjer ikkje det er så vemodig, sjølv om fleire av sauene hans er på veg til slaktehuset.

– Nei, ein kan ikkje tenkje slik, seier Hauge.

Sjølv om årets sommar kanskje må reknast som ideell, iallfall for dei på to bein, kunne sauebonden gjerne sett at det hadde regna meir.

– Det har nok kanskje vore litt for tørt. Lamma er ikkje så store som vi trudde. Det er ikkje alle eg er like nøgd med, seier Hauge.

Og viss du trur sauebonden har eit svare strev med å bestemme kven som får raudt merke i panna og dermed billett med slaktebilen, så tek du feil.

– Nei, det var i grunnen bestemt på førehand, så det var ikkje så vanskeleg, seier Hauge.

(Artikkelen held fram under biletet)

Har kontrollen

MANNSTERKE: Mange er med og hjelper når sauene skal inn på bilen.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

Skryter av sjåførane

Også Steinar Evebø fekk sendt av garde ein heil del av lamma sine i dag.

– Dette er heilt topp. Det er jo difor vi driv med dette. Så det er heilt greitt, seier Evebø.

Han skryter av sjåførane som køyrer slaktebilane.

– Dei er limet i organisasjonen og det er dei vi har kontakt med, seier Evebø.

Han legg til at dei er til stor hjelp når sauene skal inn på bilen.

– Dei er praktiske og løysingsorienterte, så det meste går. Det er aldri problem når dei kjem, seier Evebø.

– Det er jo så reint og fint i bilen at det er jo ei fryd, seier Hauge, medan han får lamma på plass i bak i dyrevogna.

(Artikkelen held fram under biletet)

Helge Nedrebø

TRAVLE DAGAR: Nortura-sjåfør Helge Nedrebø køyrer sauer både seint og tidleg no i slaktetida.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

Må sortere kven som skal leve vidare

Sauebonde Jørgen Holm ser lamma han har fostra på, trippe inn på lastebilen.

– Det er jo livets gang. Når ein er van til å styre med rev og sauer, så er det ein rundgang. Men vi har jo dei beste att, seier Holm.

Han legg til at det sjeldan er så vanskeleg å bestemme kva lam som skal gå til slakt.

– Her er det jo mest hanndyr. Dei andre har vi teke heim att mykje att. Og så må vi sortere kven som skal leve vidare, seier Holm.

Over 20 personar var med på sauesanking i det vide fjellområdet rundt Gjengedalsstøylen i helga. Holm fortel at sankinga har gått lett i år.

– Det har vore nydeleg vêr, og det har gått kjempebra. Vi mangla tre vaksne med lam, men dei skal vi nok finne, seier Holm.

Det hender dei stikk av

For Nortura-sjåfør Helge Nedrebø er dette berre éin av mange slike turar han tek no om hausten. I løpet av få veker skal mange tusen lam og sauer fraktast til næraste slakteri.

Stort sett går lastinga greitt, men det hender at ein og annan sau ikkje er heilt nøgd med å skulle stappast inn i ein lastebil.

– Det hender at vi berre ser halen på dei når dei spring, men vi prøver no å få tak i dei att, ler Nedrebø.