Hopp til innhold

Sau skremde countrygruppe av vegen

Turen heim frå Countryfestivalen enda i ei grøft for trøndargruppa.

Minibuss køyrde av vegen
Foto: MMS-foto: Jan Ivar Vik

Det var musikarane i country-gruppa Sie Gubba som hamna utfor vegen på Strynefjellet laurdag ettermiddag.

Les meir: Ni personar i minibuss-ulukke

Sauene har skulda

Ulukka skuldast sauer i vegen.

- Ein skulle tru at me som er frå Trøndelag kan kunsten å køyre slalom mellom sauer, seier gitarist Magne Almås til avisa Fjordingen.

Bandet var på veg austover etter spelejobben på Norsk Country Treff på Breim då uhellet skjedde.

- Svinga for å ikkje treffa dei

- Me kom rundt ein sving i omtrent 40 kilometer i timen, då eg såg at det låg fleire sauer midt i vegbana. Eg svinga for å ikkje treffa dei, fortel sjåfør og lydmann Ove Aunan til avisa.

Både politi, ambulansar, luftambulansen og brannvesenet rykte ut til ulukka.

Verken folk eller instrument vart skadde i ulukka.

Minibuss køyrde av vegen
Foto: MMS-foto: Jan Ivar Vik