Hopp til innhold

Satsar stort på nynorske barnebøker

FØRDE (NRK): Det Norske Samlaget vil dekkja den høge mangelen på nynorske lettlestbøker for barn gjennom eit nytt prosjekt kalla Leseland.

Leseland

LETTLESNE BØKER PÅ LESELAND-APP: Samlaget gir no ut lettlesne barnebøker både elektronisk (biletet) og i papirform.

Foto: Skjermdump frå Leseland-appen

– Leseland er ei storsatsing på lettlestbøker for barn som har nynorsk som hovudmål, for det har mangla, seier Ragnfrid Trohaug, forlagssjef i Det Norske Samlaget.

Samlaget gir no ut 12 nynorske lettlestbøker for barn. I løpet av dei komande fem åra skal dei til saman gi ut meir enn 50 slike bøker.

Lettlestbøker skil seg frå andre barnebøker fordi dei er spesielt tilpassa dei som skal læra å lesa. Ifølge Samlaget finst det meir enn hundre lettlesne barnebøker på bokmål og under tretti på nynorsk.

Det å gi språket til eit barn, det er faktisk noko av det viktigaste ein kan gjera for eit lite menneske.

Ragnfrid Trohaug, forlagssjef i Det Norske Samlaget

– Er det sånn at du har nynorsk som hovudmål, så er det viktig at du får moglegheita til å meistra det språket som du har og har blitt gitt. Det å gi språket til eit barn, det er faktisk noko av det viktigaste ein kan gjera for eit lite menneske, poengterer Trohaug.

Førde er pilotkommune

Bente Lothe Orheim, som er frå Stårheim i Eid, er barnebokredaktør i Samlaget og fortel at elevar og tilsette ved barneskular i Førde skal prøva ut dei nye bøkene og gi tilbakemelding til Samlaget. Det er Flatene Skule og Slåtten Skule som er mest interesserte så langt.

Bente Lothe Orheim

GLAD: Bente Lothe Orheim viser fram dei tolv nye nynorske lettlestbøkene for barn.

Foto: Twitter

– Det er vanskeleg å finna fengande lettlestbøker på nynorsk, seier kontaktlærar og fagansvarleg for biblioteket ved Flatene skule, Dagunn Kjøsnes, som ser behovet for Samlaget si satsing.

NRK drog til Sunde skule i Førde og viste Leseland-boka «Sola og vinden» av Mairi Mackinnon til fire førsteklassingar. Dei synest boka har fine teikningar og engasjerer seg i kampen mellom sola og vinden.

– Vinden kjem til å tapa fordi sola er snill, og dei vonde tapar alltid, fastslår Ask Melvær Norstrand.

– Sola er sterkare og han kan brenna opp vinden, så han blir heilt sotete, argumenterer Karoline Kvammen.

– Nei, vinden kan ikkje bli brent opp. Det er luft, seier Olai Helgheim.

Born ved Sunde Skule

FEKK LESA LESELAND-BOK: F.v. Karoline Kvammen, Olai Helgheim Hatten, Ingrid Elise Eide og Ask Melvær Norstrand engasjerte seg i Leseland-boka «Sola og vinden» av Mairi Mackinnon.

Foto: Steinar Daltveit / NRK

Forfattarane er nøgde

Forfattarane Atle Berge og Vegard Markhus har skrive høvesvis «Matias Maradona» og «Epleslang», som begge er blant dei nye Leseland-bøkene. Dei synest Leseland er eit viktig prosjekt fordi det er så høg førespurnad.

– Eg har vore mykje på skulebesøk, og spesielt i Nordhordland og Sogn og Fjordane etterlyser lærarane lettlestbøker på nynorsk. Dei er verkeleg i beit for det, seier Berge.