Hopp til innhold

Satsar på utryddingstruga kyr

Då det gjekk dårleg i blåskjelnæringa, valde Synnøve Herstad frå Litle Høydal i Flora i staden å satse på utryddingstruga kyr.

Synnøve Herstad bytte ut blåskjel med Vestlandsk storfe.
Foto: Kristine Askvik / NRK

Ho kjøpte seg nettopp ti eksemplar av rasen Vestlandsk fjordfe.

- Dei er veldig spesielle, så eg er glad for at eg kjøte dei.

 

- Folkekjære og nysgjerrige

- Dei er svært folkekjære og nysgjerrige, dei er ikkje redd deg ein gong, endå dei aldri har sett det før, seier Synnøve Herstad til reporteren..

Det finst berre 300 mjølkekyr att av rasen, som står på lista over dei utryddingstruga dyreartane i verda. Dei vestlandske fjordkyrne er ikkje heilt som vanlege NRF-kyr.

- Øydelegg ikkje jorda

- Dei skil seg ut i lynnet, dei er meir tillitsfulle, sjølv om NRF-dyra og er snille, så er desse endå snillare, og så er dei mindre. Eg var så heldig å få kjøpe ein heil besetning frå ein bonde som skule slutte. Eg har gamal driftsbygning, og den er bygd for slike kyr, for vi hadde vestlandsk fjordfe då eg var lita, så båsane og alt er tilpassa dei. I tillegg har eg ein flat og myrlendt gard, og desse øydelegg ikkje jorda på same måten som NRF-kyr fordi dei ikkje er så tunge. Og så er dei utryddingstruga på linje med bengaltigeren, så eg tykkjer det er veldig verdifullt å vere med på å berge ein slik rase. Det ville vere svært synd om dei skulle forsvinne.

- Gode til å pleie kulturlandskapet

Dei vestlandske fjordkyrne er heller ikkje så kresne i matvegen. Det gjer at dei et vekster som andre kyr berre går rett forbi.

- Dei er gode til å pleie kulturlandskapet, for dei et lauv i større grad enn NRF-kyrne, og eg reknar med at dei kan halde nede den låge vegetasjonen.

Angrar ikkje

Synnøve Herstad angrar ikkje på at ho bytte ut blåskjel med kyr. Det gjekk trått i blåskjelnæringa. Då vart løysinga å satse på å vere heiltidsbonde.

- Det vart så vanskeleg å få det til, det går ikkje an å jobbe med noko det ikkje er lønsemd i. Eg trur enno det vil gå nokre år før det blir lønsamt å vere blåskjeldyrkar. Om det ikkje er så veldig lønsamt å vere bonde heller, så får vi iallfall selt dyra. Det fekk vi ikkje med blåskjela.

 

Susanne Herstad er med og steller kyrne
Foto: Kristine Askvik / NRK

- Glir flott inn

På garden i Litle Høydal får Synnøve hjelp frå dottera Susanne og naboguten Simon Svensli Johnsen til å stelle kyrne. Det er ikkje tvil om at kyrne føler seg heime, sjølv om dei nett har kome til gards. Eigaren meiner dei glir flott inn i både landskapet og historia.

- Her i Høydalen er det eit helleristningsfelt frå yngre steinalder, og desse kyrne er ein levande kulturarv, så dei passar godt saman.