Hopp til innhold

Satsar meir på rassikring

NVE får 54 millionar meir frå regjeringa over neste års statsbudsjett. Løyvingane skal gå til meir flaum- og skredsikring.

ras blakset

FLAUM- OG RASSIKRING: Flaum og ras fører ofte til store skader, som på blakset i Stryn i juli 2011.

Foto: Kjell Nesje

Statsbudsjettet vert lagt fram måndag. Ein av dei årvisse lekkasjane viser auka løyvingar til NVE.

Regjeringa grunngjev ein auke på 54 millionar kroner med at dei ønskjer å betre evna samfunnet har til å førebyggje flaum- og skredrisiko.

Kan styrke avdeling i Førde

– Vi har sett nokre ganske kritiske hendingar den seinare tid. Difor så føresler regjeringa ein auke på 54 millionar kroner til flaum- og skredførebygging over NVE sitt budsjett, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

NVE har ei eiga regionavdeling i Førde kor ein eigen seksjon arbeider med formidling og forsking på skred og ras. Navarsete meiner dei ekstra løyvingane vil merkast på avdelinga i Førde.

– Det er ikkje teke stilling til om alle stillingane vert lagde til Førde, men det vil bety eit styrking av regionkontoret i Forde, seier statsråden.

Liv Signe Navarsete

STATSRÅD: Liv Signe Navarsete og regjeringa legg fram statsbudsjettet måndag.

Foto: Trond Vestre / NRK

Av dei 54 millionane skal 45 millionar gå til fysiske sikringstiltak, og ni millionar skal bli brukt til å etablere ei operativ varslingsteneste for snø- og jordskred.

Det er siste er eit samarbeid som NVE skal ha i lag med Meteorologisk institutt, jernbaneverket og Statens Vegvesen.

Dyre tiltak

Hos NVE vert lekkasjen motteken med glede.

– Dersom lekkasjane stemmer er dette ei veldig gledeleg nyheit. Det er midlar som er sårt trengt for å utføre tiltak over heile landet, seier Brigt Samdal, leiar for skredseksjonen i NVE.

Flaum i Førde

FLAUM: NVE får 45 millionar ekstra til flaum- og skredsikring.

Foto: Arne Stubhaug/NRK

Samdal legg likevel ikkje skjul på at sikringstiltak kostar, og er usikker på kor mykje ein får gjort med 45 millionar kroner.

– Alt vil hjelpe på. Det er klart at mange sikringstiltak er dyre, så det går mange millionar til kvart anlegg, men det er sjølvsagt også nokre rimelegare.

– Kva kan ein bruke 45 millionar til?

– Eg var sjølv på ei synfaring der det var bygd ein ledevoll for lede vekk vatn og snø. Den kosta ikkje meir enn 600. 000 kroner, men det var nok relativt spesielt billeg.

– Ofte kjem slike anlegg opp i fleire millionar kroner, seier Samdal.

Løyvingane vil bli fordelt etter ei lang venteliste som strekkjer seg over heile landet.

Viktig varslingsteneste

NVE si avdeling i Førde er med på arbeidet med å få til i varslingsteneste for snø- og jordskred.

– 9 millionar kroner vil viktig for å styrke arbeidet. Varslingstenesta skal bli utvida, kvaliteten skal bli betre og vi skal ha fleire varsel per veke. Dei geografiske områda som varselet dekker skal også bli større med tida, forklarar Samdal.

Arbeidet med å få til eit slik varslingsteneste er styrt frå NVE si hydrologiske avdeling i Oslo.

Prosjektet skal halde fram eitt år til, der ein testar ut ulike metodar for å styrke varslingstenesta, som skal dekke heile landet.

– Løyvingane er veldig viktige for det siste året av forskingsprosjektet er inne i. Dette er veldig gode nyheiter for NVE, seier seksjonsleiaren.