Hopp til innhold

Satsa på sunn vegmat – det ville nesten ingen av kundane ha

Per Hauge satsa på fersk og sunn vegetar- og veganmat då han pussa opp gatekjøkenet og kafeen. Men den maten ville nesten ingen ha og det meste gjekk i boset.

Per Hauge, Esso Hafslo.

AUKAR KRAFTIG: Rekordmange har reist på bilferie denne sommaren og kundane strøymer til gatekjøkenet og kafeen til Per Hauge på Hafslo.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

«Essoen» på Hafslo ligg kloss inntil den nasjonale turistvegen som går over Sognefjellet. I 2018 og 2019 satsa dagleg leiar og eigar Per Hauge på vegmat.

Satsinga har gått strålande, no utvidar han igjen og byggjer ein familierestaurant.

Men dei mange bilturistane denne og dei føregåande somrane er på jakt etter alt anna enn friske salatar, tofu og veganburgar.

– Vi har prøvd å lage såkalla sunn mat. Det vi erfarer er at folk vil ha burgar, pizza og kebab. Eg meiner at folk må få kose seg med god mat. Det å ha det godt er ein del av å vere sunn det også, seier Hauge til NRK.

– Litt spesielt

Kundane på Hafslo er slett ikkje aleine om å ha denne typen vegmat som favoritt. Og når heile familien er på tur er det enklast å velje tradisjonelt og enkelt.

Det meiner Gunnar Thoen. Han er analytikar hos kjøt- og eggbransjen sit opplysningskontor, Matprat.

– Dette med vegmat er nok litt spesielt. Dersom du er på tur og reiser på bilferie med heile familien, så er det ikkje då du eksperimenterer med maten, prøver noko annleis eller tek noko du er usikker på, seier Thoen.

Veganburger

FÅ VIL HA: Det er dei aller færraste som vel veganske produkt når dei er på bilferie.

Foto: Ole Berg-rusten / NTB

Svært få vel kjøtfri mat

Han trur at du då vel det du veit fungerer for at det ikkje skal bli noko tull, friksjon og bråk i familien.

– Då trur eg kanskje at du vel minste motstands veg når du er i ein bil på ferie. Kanskje i større grad, seier Thoen.

Tal frå matvaregiganten Norgesgruppen syner at reine veganske og vegetarianske produkt framleis berre utgjer godt under éin prosent av det totale volumet dei sel av mat i Noreg.

– Dei tradisjonelle hurtigmatprodukta er jo framleis absolutt dei største produkta der ute, det er det ikkje nokon tvil om, seier kommunikasjonssjef Kine Søyland.

Per Hauge på Esso Hafslo.

BYGGER UT: Den aukande pågangen etter tradisjonell vegmat, gjer at Per Hauge no bygger ut «Essoen» med familierestaurant.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Vanskelege vanar å endre

Ho meiner likevel at utviklinga går rett veg, til dømes ved at andelen som vel kvitt kjøt, vegetarisk eller vegansk aukar.

– Men det er nok større auke for kvitt kjøt og grove bagettar framfor fine, enn det til dømes er for dei reint veganske burgarane. Det går jo framleis relativt sakte, det er det ikkje nokon tvil om, innrømmer ho.

Ei gransking gjort av IPSOS i 2020, syner at mange ønskjer å endre matvanane sine. Men seniorrådgjevar Ole Berg i Helsedirektoratet slår fast det vil ta tid.

– Det er ei rørsle blant folk som seier at dei vil ha meir plantebasert kosthald. Men så veit vi at det er vanskeleg å endre faktisk åtferd, seier Berg.

– Fisk på måndag

På Hafslo i Sogn strøymer det på med vegfarande og Per Hauge ser at kundane er kjappe med å bestille tradisjonell vegmat. Han meiner at det er slik det kjem til å halde fram.

– Det er fleire måtar å vere sunn på. Du kan ete fisk på måndag, burgar på fredag og pizza på laurdag. Livet handlar også om å kosa seg. Ete den maten du har lyst og ikkje den maten som dei fortel deg på TV at du skal ete, seier Hauge.