Hopp til innhold

Satanistar vart samde

Medlemmene i satanistbandet Gorgoroth kom til semje utan rettssak, skriv Dagens Næringsliv.

Gaahl

Gaahl - alias Kristian Espedal.

Foto: Erichsen, Jarl Fr. / SCANPIX

To av medlemmene, Tom Cato Visnes og Kristian Espedal, den siste med bustad i Fjaler, var i konflikt med grunnleggjaren av Gorgoroth, Roger Tiegs.

Kasta ut grunnleggjaren

I 2007 kasta Visnes og Espedal, med kunstnarnamnet Gaahl, grunnleggjaren ut av bandet og prøvde å registrere varemerket på seg sjølve. Dei drog på turné og spela 60 konsertar under namnet Gorgoroth.

Ikkje rett på namnet Gorgoroth

Då gjekk Tiegs til sak, og i januar kom retten til at dei to ikkje hadde rett til varemerket Gorgoroth . Etter planen skulle partane møtast i retten på ny for mellom anna å avgjere om Tiegs skulle ha erstatning for at dei brukte namnet, pluss del av inntektene dei hadde medan dei turnerte under namnet Gorgoroth.

God Seed

Denne rettssaka blir det ikkje noko av, for no har partane inngått forlik. Visnes og Espedal har endra namnet på bandet sitt til God Seed .

Men kva partane elles er blitt samde om er det ingen av dei som vil opplyse noko om.

Pakt med djevelen

- No er fokuset igjen fullt ut retta framover og mot å fullføre den pakta eg signerte med djevelen for snart 20 år sidan, seier Roger Tiegh til Dagens Næringsliv.