Hopp til innhold

SAS-streiken kan føre til kanselleringar hos Widerøe

Streiken blant pilotane i SAS kan også føre til kanselleringar hos konkurrenten Widerøe. Årsaka er at mannskapet deira gjerne flyr med SAS til og frå jobb på basane kringom i landet.

Widerøe

KAN VERTE RÅKA AV STREIK: Widerøe måtte stengje deler av kundesenteret på grunn av stor pågang då nyheita om streiken kom.

Foto: Kleiven, Paul / NTB scanpix

900 SAS-pilotar i Noreg, Danmark og Sverige går ut i streik etter at forhandlingane ikkje nådde fram i føremiddag.

Nyheita om streiken har alt skapt kaos på flyplassane og stor frustrasjon hos tusenvis av reisande som fryktar for at ferieturen kan gå i vasken.

Måtte delvis stenge kundesenteret

Meldinga utløyste også raskt kaotisk stemning hos ein av konkurrentane til SAS. Mange reisande i Utkant-Noreg kombinerer gjerne flyturar med Widerøe og SAS.

– Berre 15 minuttar etter at streiken vart eit faktum var det ein auke på 600 prosent på førespurnader til kundesenteret vårt. Vi hadde då ikkje anna val enn å stenge chatten og telefonen for å kunne svare på e-post og SMS, slik at vi på den måten kan handtere fleire kundar samstundes, seier kommunikasjonssjef i Widerøe, Catharina Solli.

Catharina Solli er kommunikasjonssjef i Widerøe.

UTELUKKAR IKKJE KANSELLERINGAR: Kommunikasjonssjef Catharina Solli i Widerøe.

Foto: STIAN MICHALSEN / STIAN MICHALSEN

Kan verte kansellerte avgangar

Streiken hos SAS kan også føre til kansellerte avgangar hos Widerøe, opplyser kommunikasjonssjefen.

– Årsaka er at mange av mannskapa våre bur gjerne andre stader i landet enn der flya våre startar, og mange av desse flyr gjerne med SAS. Viss avgangane deira vert kansellerte kan det by på problem å få fram mannskap til basane våre når dei skal ut og fly.

Få refundert billetten

Kommunikasjonssjefen i Widerøe er likevel klar på at du ikkje treng vere uroa om du har kjøpt billettar hos Widerøe.

– Har du kjøpt kombinasjonsreiser med Widerøe og SAS vil vi hjelpe til med å endre billettane. Om det ikkje let seg gjere vil du få refundert billetten, seier Solli.

Også hos reisebyrået Berg-Hansen var det hektisk måndag ettermiddag.

– Vi fekk det travelt då streiken var eit faktum. Kundar ringjer i eitt sett og lurer på korleis dei skal forhalde seg, seier kundebehandlar Ingeborg Steinsland.