Dette var på tide, seier nestleiar i Vestnorsk Havbrukslag Elin Tveit Sveen. - Dette er noko vi har visst lenge, og andre forskarar har sagt at det hjelper ikkje med strekar på eit kart og tru at ein med det skal betre forholda for villaksen, seier ho.
Omdiskutert
Etablering av nasjonale laksefjordar er svært omdiskutert her i landet, og har vore eit heitt tema i Sogn og Fjordane. I 2003 oppretta Stortinget 37 nasjonale laksevassdrag og 21 laksefjordar i Norge. Her i fylket er både Sognefjorden, Nordfjorden og Dalsfjorden bandlagt og i tillegg er delar av Førdefjorden foreslått verna.
Sikre villaksen
Målet er å sikre dei viktigaste laksebestandane eit særleg vern, altså sikre villaksen mot lusesmitte og rømd oppdrettslaks. Lokalt har oppdrettarane reagert sterkt på å bandleggje fjordareal, og no får motstandarane støtte frå ekspertane.
- Må høyre på forskarane
Foto©NRK
Forskingsdirektør Ole Torrissen ved Havforskningsinstituttet stiller spørsmål ved det faglege grunnlaget og er redd Norge startar opp omfattande tiltak som ikkje verkar, og som meir kan skade enn berge villaksen. Elin Tveit Sveen meiner dette høyrest flott ut.
- No må politikarane høyre på forskarane og basere vedtak på kunnskap og ikkje synsing, seier ho.