Hopp til innhold

Sånn får ho den beste ulla

Med ulla hengande etter hest og kjerre, får Runa Eiken frå Herand i Hardanger verdas beste ull, seier ho. Ideen fekk ho frå Mongolia.

Tovar ull med hest og kjerre

MEIR SLITESTERK: Ull med hest og kjerre gjer slitesterk ull og godt inneklima i støvlane, meniner Hardanger-kvinna.

– Denne ulla blir meir slitesterk enn vanleg ull, og ikkje minst blir det bra inneklima i støvlane, fortel Eiken.

For å tove ulla brukar ho ein gamal åkertrommel som ho surrar ulla inn i. Når ulla er i bevegelse, tovar det seg, fortel ho.

Høyr Runa på som tovar ull med hest og kjerre

Fekk ideen frå Mongolia

Ideen om den noko spesielle måten å tove ull på fekk ho frå Mongolia.

Stort sett lagar ho skosplar, og ho seier sjølv at når ho tovar ulla på den litt spesielle måten blir det betre inneklima i støvlane.

– Eg fekk ideen frå eit fjernsynsprogram om Mongolia. Der var det mange som budde i ullhytter. Eg syns det var merkeleg korleis dei klarte å tove eit heilt hus, men det dei gjorde var å leggje ulla si utover eit teppe og rulla det rundt ein staur.

For å få ulla i bevegelse hengde dei det bak ein kamel.

– Me har jo ikkje kamelar, men hest har me. Etter nokre forsøk fekk vi kjempefin ull, fortel Eiken.