Hopp til innhold

Sandra er redd for å miste ambulansebilen: – Det var grufullt å føde i høge bølgjer

Sandra Grotle fødde yngstesonen om bord i båt i høge bølgjer. No fryktar ho at innbyggjarane i ytre Bremanger skal miste ambulansebilen.

Sandra og John-Roar Grotle.

FRYKT: Sandra og John-Roar Grotle kjenner seg ikkje trygge om bygda mister ambulansebilen.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

– Då eg såg bølgjene nekta eg først å gå om bord i båten. Eg tenkte ikkje over kor vondt eg hadde det, fortel Sandra Grotle.

Fembarnsmora i Bremanger kommune er uroa over at dei kan miste dagens tilbod med ein fullverdig ambulansebil, stasjonert i ytre delar av kommunen.

Erstatninga kjem i form av ein ambulansebåt som skal rykke ut frå Florø. Ein bil på land skal ta turen vidare fram til pasienten.

Måtte haldast fast i senga

Sjølv nådde ho ikkje fram til sjukehuset då ho fødde yngstesonen Aleksander i 2007. Han kom til verda på båtturen på veg til Florø.

Men for ei kvinne som lett vert sjøsjuk, og som heller ikkje er van med å ferdast på sjøen når det er bølgjer, var skrekken for båtturen større enn smertene.

– Båten bevega seg mykje og eg vart dårlegare og dårlegare. Mannen min måtte prøve å halde meg fast i senga då fødselen starta nokre få minuttar etter at vi la frå kai, fortel ho.

FRÅ 0 TIL TJUE MINUTT: Ei utrykking vil ha ei gangtid på om lag 21 minutt frå Florø til Kalvåg, skriv Helse Førde om båttilbodet. I dag er ein ambulansebil stasjonert i Kalvåg.

Kjenner seg utrygge

Innbyggarane i ytre Bremanger er ikkje aleine om uroa for ambulanstilbodet. I Steigen i Nordland sa fleire ambulansearbeidarar opp etter å ha blitt tvinga tilbake til heimevaktordninga. Men no har Nordlandssykehuset snudd.

I Helse Førde er den prehospitale planen, som Bremanger-forslaget er ein del av, på høyring. Åse Vadøy Hauge i pensjonistlaget i Bremanger meiner løysinga er dårleg nytt for ytre Bremanger.

– Vi føler oss utrygge med dette forslaget, seier Hauge.

Då ytre Bremanger fekk fastlandssamband i 2013 trudde ho tida for å reise sjøvegen til sjukehus, var over.

– Vi har reist over Frøysjøen med mange ting; sprokken blindtarm, brotne armar og å følge folk til føden som så vidt nådde fram. Dette må vi vere ferdige med.

– Frøysjøen kan vere still, men kan èg vere stormande. Ein kan seie båten er bra, men båten skal over Frøysjøen uansett, seier Hauge.

Per Røys og Åshild Vadøy Hauge

SPIKER I KISTA: – Forslaget er nok ei spiker i kista, seier Per Røys (H). – Vi vil ha unge til å busette seg her. Korleis skal dei ta sjansen når alt blir nedskore?, spør Åse Vadøy Hauge i pensjonistlaget.

Foto: Julianne Flølo / NRK

– Grufullt

Per Røys sit i kommunestyret for Høgre. Også han meiner forslaget set helsetilbodet mange år tilbake i tid. Han har sjølv vore med sjøvegen med sjuke ungar.

– Helikopter har alltid vore brukt i akutte samanhengar. Men som einaste alternativ til båt er ikkje det godt nok, seier Røys.

Forslaget har skapt sterke reaksjonar, og på Facebook er det starta ein underskriftsaksjon.

– Det er grufullt for ein sjuk person å måtte gå om bord i ein båt når vêret er dårleg. Det var ikkje noko kjekk oppleving for min del, seier Sandra Grotle.

Vil ha både bil og båt

Mannen hennar, John-Roar Grotle er fiskar og van med uroleg sjø, men han har stor forståing for at kona var redd og opplevde situasjonen som dramatisk.

– Eg måtte jo halde ho fast så ho ikkje skulle ramle ut av køya. Frøysjøen er jo eit ope havstykke der sjøen kan vere svært uroleg. Det er jo ikkje alle dagar det er tilrådelege å krysse denne strekninga.

Helst vil ekteparet ha både ambulansebil og ambulansebåt for at dei skal kjenne seg trygge nok. Styggevêr som hindrar luftambulansen eller ras som stengjer vegane, meiner dei krev ekstra beredskap.

Helse Førde: – Eit godt tilbod

Administrerande direktør Arve Varden i Helse Førde viser til at det har vore sett på ulike løysingar før forslaget om ambulansebåt kom på bordet.

Ambulansebåten vil i tillegg til båtpersonell, der éin har medisinsk kompetanse, ha ein ambulansearbeidar om bord. Ein ambulansebil skal stå klar på land.

– Det at vi har fått styrkt ressursen knytt til båten gjer at vi meiner dette vil gi eit godt og adekvat tilbod i ytre Bremanger, seier Varden.

Han seier dagens ambulanse som er stasjonert i Kalvåg gjerne er vekke i mange timar når den får i oppdrag å frakte pasientar til sjukehus i Førde.

– Med denne løysinga vil vi dekke døgnberedskapen betre enn med ambulansen vi har.

Arve Varden

TRYGG PÅ LØYSINGA: – Eg er trygg på at løysingane vi har skissert vil gi eit godt og trygt tilbod til innbyggarane i Sogn og Fjordane, seier Arve Varden i Helse Førde.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

No er forslaget sendt på høyring, med høyringsfrist 8. oktober.