Ordførar Anders Ryssdal i Gloppen er svært nøgd med at det no ikkje lenger er uvisse om framtida til flyplassen. Men om Luftfartstilynet no har godkjent flyplassen for fem nye år, har dei samstundes gitt Avinor frist på eit halvt år til å legge fram planar for korleis dei skal møte dei nye tryggleikskrava.

Arkivfoto: Steinar Lote, NRK
Strenge krav
Lufthamnsjef Rasmus Mo seier til Firda Tidend at det blir stilt strenge krav til alle dei regionale flyplassane. På Sandane blir det stilt krav om lengre rullebane, og at det skal vere fri sikt 70 meter til kvar side for rullebana. Nordplan har tidligare kostnadsrekna eit slikt prosjekt til 109 millionar kroner.
- Betyr mykje
For Gloppen betyr det svært mykje at dei no får behalde flyplassen, seier ordførar Anders Ryssdal.