Når lokallaga no har levert sine forslag forslag, er det mange som konsentrerar seg om lokale namn. Jølster har berre jølstringar på lista, og Eid har berre eidarar - pluss Reidar Sandal.
Gloppen har ingen sogningar på lista, Gulen og Høyanger har ingen nordfjordingar og Naustdal berre sunnfjordingar.
Men dei fleste laga har namn frå heile fylket, og ut frå dette kan ein trekke ut at kampen om topp-plassen framleis står mellom Sandal og Bremer, med Sandal eit lite hestehovud føre etter første runde.
Sandal er berre vraka av Fjaler, Jølster, Leikanger, Vik og Årdal, medan Bremer ikkje er på framlegget frå Eid, Gloppen, Gulen, Naustdal, Jølster og Selje.
Mange framlegg er sett opp alfabetisk, men av dei som har prioritert har Bremer ikkje fått nokon topp-plass. Sandal har derimot fått 11 enten heilt på topp eller som førsteval bak eitt eller to lokale namn. Førde, Gaular og Naustdal toppar med duoen Aud Viken-Reidar Sandal i nemnde rekkefølgje.
Og Aud Viken sitt namn går igjen på heile 16 av forslaga, men blir slått av Ingrid Heggø, varaordførar i Høyanger. Heggø er nemnd av 18 lag, medan Siv Førde er ført opp 13 gonger. Else Kristine Husabø, Sogndal er nemnd åtte gonger, det same som Marta Halset frå Vik.
Bak Sandal og Bremer på sverdsida er stryningen Nils Støyva peika på av 16 lag, Svein Eivind Solheim i Askvoll av 14 og årdølen Arild Ingar Lægreid av 12.
No skal nominasjonsnemnda i Arbeidarpartiet setje opp eit listeframlegg som igjen skal ut på høyring i lokallaga, så det er enno langt fram.