Matematisk rekna har Reidar Sandal no støtte frå 57 av dei 100 utsendingane til nominasjonsmøtet i desember, medan Tor Bremer frå Luster har støtte frå 43.
Dermed kan dette verke som avgjort, spesielt etter at Lærdal bryt ut av alliansen bak Bremer og no støttar Sandal. Men nominasjon er like mykje taktikk og politikk som det er matematikk. Difor er det framleis for tidleg å setje to strek under svaret.
Uvissa er knytta til kampen om andreplassen. Her har Aud Viken overveldande fleirtal totalt i lokallaga, men ho har ikkje fleirtal mellom dei som har Sandal på topp. Hestehandel om 2.plassen kan difor også få innverknad på topp-plassen. Men framleis siglar Reidar Sandal mot Stortinget med god bør.