Hopp til innhold

Samrøystes ja for å selje Fjord1-aksjane

FLESLAND (NRK): Eit samrøystes fylkesutval har røysta for å selje Sogn og Fjordane fylkeskommune sine aksjar i ferjeselskapet Fjord1 til Per Sævik og selskapet hans Havila AS.

Følling og Sævik

NØGDE: Både fylkesordførar Jenny Følling og Per Sævik er nøgde med at eit samrøystes fylkesutval har sagt ja til sal av Fjord1-aksjane.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Salssummen er på 1,065 milliardar kroner. Det endelege vedtaket skal takast på fylkestinget på fredag, men innstillinga frå fylkesutvalet er no klar.

Fylkesordførar Jenny Følling (Sp) tykkjer vedtaket er godt for Fjord1.

– Det at vi no har landa ein avtale som eg meiner er til ein god pris, er bra for regionalt eigarskap. Dette er ein eigar som har vist visjonar for at Fjord1 skal vere eit selskap i Sogn og Fjordane framover. At vi står samla bak dette, er flott, seier ho.

Per Sævik i Havila-konsernet er også nøgd med avgjerda i fylkesutvalet.

– Eg tykkjer dette virkar lovande for framtida og at ein vanskeleg periode no er tilbakelagt, seier han.

Fylkesutval

VAR SAMDE: Fylkesutvalet røysta for å selje aksjane i Fjord1 til Havila.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK