Hopp til innhold

Samla om nei til oljeleiting

Fiskerinæringa, Fiskeridirektoratet, SFT og Havforskingsinstituttet er samla i kravet om nei til oljeleiting i fleire havområde.

- Alle vi var samde om nei til oljeliting i havområda ved Runde i Møre og Romsdal, i Lofoten og Vesterålen, seier leiar i Sogn og Fjordane Fiskarlag, Nils Myklebust, etter eit møte i Trondheim nyleg.

Overraska

Ti ordførarar nordpå driv no aktiv lobbyverksemd for å hindre at havområda ved Lofoten og Vesterålen blir varig stengt for oljeleiting, og Myklebust er overraska.

- Vi undrar oss over at dei er positive til oljeleiting, fordi eit samla fagmiljø kjem med krystallklåre åtvaringar. Vi har rett og slett ikkje råd til å ta sjansen, seier Myklebust.

Utrygg

For kort tid sidan var oljeminister Odd Roger Enoksen i fylke og lova å vurdere desse sensitive områda ein gong til, men Myklebust er ikkje trygg på utfallet.

- Eg håpar liekevel at vi tek det ansvaret vi har som nasjon, seier Myklebust.