Hopp til innhold

Samla hundrevis til protestmøte

Gulen-politikarar vil melde seg ut av Sogn og Fjordane dersom skuleavtalen blir droppa.

Protestmøte Byrknes

TIDLEG KRØKAST: Store - og små - stilte opp på protestmøtet på Byrknes i Gulen i kveld.

Foto: Hans Petter Martinussen / NRK

Folk i Gulen og Solund kjempar no ein inbitt kamp for å få behalde den såkalla Hordalandsavtalen, som sikrar at ungdomane kan bu heime og pendle til den vidaregåande skulen på Austheim i Hordaland.

Onsdag inviterte næringsliv, kommunen og politikarar til folkemøte for å markere sin sterke misnøye med at fylkesrådmannen har tilrådd at avtalen vert avslutta.

Vil bytte fylke

Frå politisk hald blir det no teke til orde for å melde overgang for Gulen frå Sogn og Fjordane til Hordaland.

– Dersom fylket går inn for å kutte Hordalandsavtalen, så er søknaden til Hordaland fylke klar. Det er jammen heilt greitt. Eg trur eg snakkar for 99 prosent av alle i Gulen Høgre og garantert mange fleire.

Det seier leiar i Gulen Høgre, Anne Mette Dahl Andreassen, til NRK.

Folkemøte Byrknes

VIL IKKJE PÅ HYBEL: Ungdomane i Gulen stilte opp med plakatar og banner på folkemøtet på Byrknes.

Foto: Hans Petter Martinussen / NRK

– Katastrofalt

Ho var ein av fleire hundre som deltok på det store folkemøtet på Byrknes. Der var krava til fylkepolitikarane knallharde.

– Vi tykkjer dette blir katastrofalt for kommunen, dersom vi skal tømme bygdene for desse elevane som er ein stor ressurs for oss alle. Vi har mellom anna eit næringsliv i vekst, og dersom det ikkje finst rekruttering til alle dei flotte jobbane som kjem, så vil det vere trasig om vi må flytte ungdomane våre frå Gulen alt som 15-åringar, seier Dahl Andreassen.

Mobiliseringsmøte

På folkemøtet samla det seg alt frå næringslivstoppar til skuleelevar. Sistnemnde brukte skuledagen til å lage banner og plakatar, det var allsang og korpsmusikk. Alt som ein unison protest mot oppseiing av skuleavtalen som gjer at dei får bu heime og slepp å flytte på hybel.

– Det har vore eit skikkeleg folkeliv her. Alle vil kjempe for at vi framleis skal kunne sende elevane våre til skulen på Austrheim. Dette var jo eit mobiliseringsmøte for å klare å snu politikarane. Dei må jo få ei tru på at også elevane i Gulen er viktige for fylket, rapporterart Høgre-leiaren.

Folkemøte Byrknes

FULL SAL: Folk i Gulen møtte opp i hopetal på protestmøtet på Byrknes onsdag kveld.

Foto: Hans Petter Martinussen / NRK