Hopp til innhold

Samferdsletopp vil ha mindre satsing på motorvegar og intercity-tog

Mindre satsing på jarnbane med dobbeltspor og store motorvegar. Bruk heller pengane på mindre vegar og rassikring. Det er dei siste signala frå leiaren i Stortingets transportkomité.

Utsette intercity-utbyggingen.

VIL OFRE TOGET: Både intercity-satsinga og firefelts motorvegar bør vente, meiner Sp sin fremste transportpolitikar.

Foto: Lise Åserud / NTB

– Er det nødvendig med firefelts motorveg til alle dei store byane, og kor langt vekk frå Oslo treng vi jarnbane med to spor, spør Erling Sande (Sp), som sit i Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget.

NRK møter samferdsletoppen på E39 ved Gullkista i Gloppen, der vogntoga har store problem med å passere kvarandre på den smale vegen.

– Det finst dessverre mange strekningar av denne typen som treng opprusting og betre vedlikehald, seier Sande.

Ein Statens Vegvesen-rapport frå 2019 seier det vil koste 70 milliardar kroner å rassikre dei mest rasfarlege riks- og fylkesvegstrekningane i Noreg.

Medan full utbygging av dei ytre delane av Intercity («Ytre Intercity») er kostnadsrekna til om lag 150 milliardar kroner.

Det er nokre av desse pengane Sande vil flytte på. Konkrete prosjekt han meiner kan utsettast i tid eller nedskalerast er mellom anna:

  • Ytre Intercity (Jarnbane med dobbeltspor Oslo, Halden, Lillehammer, Porsgrunn og Hønefoss).
  • Firefelts motorveg i Gudbrandsdalen (E6)
  • Firefelts motorveg i Trøndelag (E6)
  • Hordfast (E39)
  • Firefelts motorveg på Sørlandet (E18) (E39)
  • Bru over Sognefjorden (E39)

Sande presiserer at dei nemnde prosjekta «kvar for seg er gode», men at vegvedlikehald, rassikring og fylkesvegnettet hastar meir.

Erling Sande (Sp) på E39 ved Gullkista i Gloppen.

VIL HA ENDRING: Leiaren i Stortinget sin samferdslekomite, Erling Sande (Sp), vil utbetre vegane i distrikta. Midlane vil han ta frå gigantprosjekt som til dømes Ytre Intercity på Austlandet.

Foto: Bård Siem / NRK

Sjokkert Hordfast-leiar

– Dette er sjokkerande. Eg kan nesten ikkje tru det er sant.

Det er den umiddelbare kommentaren til dagleg leiar i Hordfast, Øyvind Halleraker. Han viser til at prosjektet er innbakt i Nasjonal transportplan i perioden 2022–2027 med forventa byggestart 2025.

– Her svekker Sande det prosjektet utanfor Oslo som kanskje betyr aller mest for busetjing og regionutvikling, seier han.

I oktober sa leiande politikarar på Vestlandet at ein austlending i statsrådsstolen vil bety farvel til store ferjefriprosjekt, og velkommen til meir jernbaneutbygging på Austlandet.

– Eg er uroa sidan me no har fått ein samferdsleminister som så tydeleg har peikt på ferjerfriprosjekt som noko me skal nedprioritera, medan han meiner me skal opprioritera intercity-utbygginga på Austlandet, sa Silja Ekeland Bjørkly, gruppeleiar for Høgre på fylkestinget i Vestland til NRK.

Spring frå viktige prosjekt som knyter landsdelar saman

– Eg har frykta at dette ville kome frå Senterpartiet, seier Terje Halleland, samferdslepolitisk talsperson i Frp.

Halleland viser til at fleire av prosjekta Sande vil skalere ned eller utsette er samfunnsøkonomisk lønsame.

Samferdslepolitisk talsperson i Høgre, Trond Helleland, seier det vil vere svært alvorleg om regjeringa forlèt vedtaka i Nasjonal Transportplan.

Senterpartiet spring frå viktige prosjekt som knyter landsdelar saman. Eg trur dei som blir råka vil reagere med sinne og vantru, seier han.

Helleland forventar at samferdsleminister Jon-Ivar Nygaard (Ap) kjem til Stortinget for å svare på om signala frå Sande er noko heile regjeringa står inne for.

Ris og ros frå MDG

Nestleiar i MDG, Arild Hermstad, er positivt overraska over signala.

– Det er oppsiktsvekkjande all den tid regjeringa vil det motsette, seier han.

Og legg til:

– Det bør reisast ein bauta av Sande på Torgallmenningen i Bergen dersom han får stoppa Hordfast og andre store fjordkryssingar på E39.

Men når det gjeld utsetting av Ytre Intercity, ser Hermstad raudt.

– Sande bommar grovt når han vil skrote jernbanesatsingar. Vi må bruke meir pengar på tog om vi skal bygge nullutsleppssamfunnet, seier han.