Hopp til innhold

Samferdsleministeren godtek løftebrot frå Bergen

Trass i ei enorm trafikkauke i Bergen, vil ikkje samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) straffe Bergen for løftebrotet.

Ketil Solvik-Olsen

GODTEK LØFTEBROT: Samferdselsministeren vil ikkje straffe Bergen for trafikkauken, sjølv om avtalen var at biltrafikken skulle ned.

Foto: Varfjell, Fredrik / NTB scanpix

Som NRK tidlegare har fortalt har trafikken i Bergen auka kraftig og er no større enn for fire år sidan. Auken skuldast i stor grad ein eksplosjon i elbil-trafikken.

Danmarksplass

– EIN SUKSESS: Samferdsleministeren vedgår at den enorme elbil-auken i Bergen er ein suksess med bismak.

Avtalen med staten var at biltrafikken i heile bomringen i Bergen skulle ned, men samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp), meiner likevel at den enorme el-bilauken i bergensområdet er ein suksess.

LES OGSÅ: Bergen braut avtalen med staten

– Bergen har gjort det bra. Me har fått færre bensin- og dieselbilar gjennom bomringen, og ein kraftig vekst i talet på elbilar, seier Solvik-Olsen.

Suksess med bismak

Ketil Solvik-Olsen

GODTEK LØFTEBROT: Samferdselsministeren vil ikkje straffe Bergen for trafikkauken, sjølv om avtalen var at biltrafikken skulle ned.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

På berre fire år har el-biltrafikken i Bergen blitt 33 gonger større. Framleis utgjer elbilane berre vel 2 % av passeringane i bompengeringen, men elbiltrafikken veks meir enn nedgangen i forureinande bilar.

Resultatet blir fleire bilar og meir kø langs vegane i Bergen. Samferdsleministeren vedgår at den enorme elbil-auken i Bergen er ein suksess med bismak.

– Det er litt komplisert nettopp fordi ein har fått ein mykje større elbilbruk enn det som vart lagt til grunn tidlegare.

– Klimaforliket handlar om å kutte utslepp. Det gjer ein ved å få fleire folk til å køyre elbil, men når det gjeld kø, så er jo ikkje bruk av elbil med på å løyse problemet, seier Solvik-Olsen.

LES OGSÅ: Bergen ville innføre en køprising som hadde gitt mer kø | – Køprising vil nesten ikkje redusera trafikken

Vil ikkje straffe Bergen

Elbil-auken i Bergen bryt med føresetnaden for at staten gav 550 millionar kroner i såkalla belønningsmidlar til kollektivsatsing.

Men sjølv om trafikkauke er negativt, er det positivt at auken består av elbilar, seier Solvik Olsen.

– Det vil vere urimeleg om ein skal straffe Bergen for den suksessen.

Bør Stortinget fjerne fordelar som gratis parkering og ingen bompengar, når det er elbilen som står for trafikkauken i Bergen?

– Me vil lytte til dei lokale ønskja. Dei veit best korleis køsituasjonen er i kollektivfelt og likande, seier Solvik-Olsen.

LES OGSÅ: Warloe: – Kollektivtransporten må tredoblast