Hopp til innhold

Samde om totalkvote for makrell

Noreg, EU, Færøyane, Grønland, Island og Storbritannia har underteikna ein avtale om ei totalkvote på 782.066 tonn makrell for 2023, melder Nærings- og fiskeridepartementet.

Dette er i tråd med ei tilråding og inneber ein nedgang frå kvoten for 2022 som var på 794.920 tonn.

Fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap) seier han er svært nøgd med at dei endeleg har fått fastsett ein totalkvote etter å ha jobba med saka i lang tid.

– Det betyr mykje for fiskarane og for ei berekraftig forvaltning av den viktige fiskestammen, seier han.

Men trass i fleire forhandlingsrundar gjennom heile året har dei enno ikkje komme heilt i mål på spørsmåla om fordeling av bestandane og forvaltningsplan for makrell.

– Vi håper at dei attståande spørsmåla finn si løysing i starten av neste år. Departementet vil likevel lage ei førebels kvote for 2023, slik at dei som treng det kan starte opp sitt fiske allereie frå årsskiftet, seier Skjæran.