Sambruksfelt opnar 9. mars

Onsdag 9. mars opnar sambruksfeltet i Fjøsangerveien i Bergen. – Førebels skal det prøvast ut i to vintersesongar, og så vil ein vurdera korleis det har gått, seier vegdirektør i Hordaland Olav Finne. Feltet er 427 meter langt og strekk seg frå like etter Krambua til rundkøyringa der Conrad Mors veg kjem opp i Fjøsangerveien. Det kan brukast av kollektivtrafikk og privatbilar med to passasjerar eller meir.

Sambruksfelt
Foto: KJETIL RYDLAND / NRK