Hopp til innhold

Samarbeider på tvers for flyplass-framtida i Florø

HERMANSVERK (NRK): Både i fylkestinget og på Stortinget blir det no jobba for å hindre ei kommersialisering av flyrutene frå Florø til Oslo og Bergen.

Flyplass-koalisjon

SAMDE OM FLYPLASS-STØTTE: Trude Brosvik (KrF), Alfred Bjørlo (V), og Bjørn Hollevik (H) meiner at flyrutene til og frå Florø ikkje kan bli kommersialisert. Aarvik støtta rett nok ikkje uttalen frå fylkestinget i saka, men på Stortinget er Frp tydelege på at dei følgjer utviklinga tett.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Mot dei to røystene frå Framstegspartiet, vedtok i dag fylkestinget ei uttale der dei med klare ord gjev uttrykk for uro over fallande passasjertal og sterk prisauke for flyrutene til og frå kystbyen.

– Fylkestinget i Sogn og Fjordane oppmodar på det sterkaste om at ein snarast mogeleg gjer om avgjerda om å kommersialisere rutene over Florø lufthamn. Situasjonen har endra seg så dramatisk at ei omgjering er det einaste som kan sikre næringsliv og privatreisande eit stabilt og føreseieleg rutetilbod dei kommande åra, heiter det i fråsegna frå fylkespolitikarane.

Kamp på Stortinget

Også på Stortinget er det no i gang eit arbeid for å hindre det enkelte politikarar kallar ei katastrofe for flytrafikken på Florø lufthamn.

Transportkomiteen skal handsame samferdslebudsjettet komande veke, og medlemene der frå Høgre, Frp, KrF og Venstre har saman sendt inn ein merknad til komiteen si tilråding.

– Vi følgjer utviklinga ved Florø lufthamn nøye, og vi vil minne om at det overordna målet er å sikre eit tilbod av god kvalitet til ein fornuftig pris, heiter det i merknaden.

Dette er fylkestingsrepresentant og varamann til Stortinget, Bjørn Hollevik (H), særs nøgd med.

– Dette er viktig og det viser at det er nokon som følgjer nøye med. Mange, og kanskje alle, veit om situasjonen i Florø. Det gir meg litt meir ro når vi no går inn i jula.

– Sviktar Florø

I Arbeidarpartiet er stortingsrepresentant Ingrid Heggø meiner regjeringspartia og støttepartia ikkje går vekk frå kommersialiseringa.

Då transportkomiteen i dag handsama saka var både Ap og Sp klare på at dei framleis ynskjer offentlege anbod i Florø. Heggø meiner regjeringa sviktar Florø.

– Dei seier at dei vil sjå nærare på Florø, men ikkje meir enn det. Dei går med opne auge inn i eit system på flytilbod som gir dårlegare tilbod, dårlegare frekvens og høgare pris, seier ho.

Kraftig passasjernedgang

Fylkestinget meiner at heilt vesentlege føresetnader for Samferdsledepartementet sitt vedtak om å kommersialisere rutene på Florø lufthamn, no har falle vekk.

– Ein vesentleg føresetnad for departementet sitt vedtak var ein forventa auke i trafikken over lufthamna. Det motsette har skjedd.

Passasjertala for Florø lufthamn har gått ned med 13.4 % sidan oktober 2014, medan trafikken offshore er redusert med 19.6 %, seier fylkestinget.

Fylkestinget er sterkt uroa over dei skadeverknadane for næringslivet i regionen som eit redusert og uføreseieleg flytilbod til kunne medføre.