Hopp til innhold

Samarbeider om smart straum

Tre energiselskap i Sogn og Fjordane er no med i landets største samarbeid om automatisk straumavlesing.

Display smart strømmåler

AUTOMATISK AVLESING: 11 nettselskap, på vestlandet, i Trøndelag og Nord-Norge skal samarbeid om innføring av smart straum.

Foto: Gard Brox Jenssen

Innan 1.1. 2019 skal alle straumkundar fått nye straummålarar som les av straumforbruket automatisk.

– Dette inneber så store investeringar at vi har funne det rett å samarbeide med andre. Det seier Asgeir Aase som er nettsjef i Sogn og Fjordane Energi (SFE)

Asgeir Aase

MED I SAMARBEID: Asgeir Aase er nettsjef i Sogn og Fjordane Energi .

Foto: NRK

For SFE sin del ville det kosta mellom 70 og 80 millionar kroner å installere automatiske straummålarar hjå alle sine kundar. Kor mykje billigare det bli for SFE i det nye samarbeidet hadde ikkje Aase oversikt over tysdag kveld.

– Men for selskapa samla vil det vere snakk om fleire titals millionar kroner.

Størst i landet

I alt 11 nettselskap på Vestlandet, i Trøndelag og Nord-Norge, i tillegg til ytterlegare 14 nettselskap er knytt til samarbeidet som totalt får om lag 700.000 nettkundar.

Selskapa skal samarbeide om innføring av smart straum (AMS), og dette blir det største norske samarbeidet innan innkjøp, montasje og drift av nye automatiske straummålarar

– Det er liten tvil om at dette er og blir eit utfordrande prosjekt, men med god tilgang på ressursar og unik kompetanse frå selskapa er eg sikker på at dette samarbeidsprosjektet vil lukkast.

Det seier Hans Terje Ylvisåker, som er programsjef i smart straum i Vestlandsalliansen (SiV). Han har sidan 2013 vore leiar av AMS-samarbeidet i Vestlandsalliansen.

Tre frå fylket

Her i fylket er det Sognekraft AS, Sunnfjord Energi og SFE Nett som er med i samarbeidet.

– På Vestlandet starta vi samarbeidet på slutten av fjoråret, det nye no at også selskap i nord blir med, seier Aase.

Kva vil dette samarbeidet få å seie for kundane?

– Med AMS så vil også kundane til ei kvar tid kunne gå inn og sjå kva dei brukar av straum. Og jo gunstigare vi klarer å gjere dette, jo billigare kan også straumen til kundane bli.