Dei fire bøndene var nære å gje opp morellar. Så fekk dei ein idé

LOFTHUS (NRK): Fruktbøndene hadde trappa ned morellproduksjonen, men fann kvarandre.

Planting av morelltre på Lofthus

MORELLAR: På Lofthus i Ullensvang har fire fruktbønder gått saman for å satsa på morellar.

Foto: Tale Hauso / NRK

Med utsikt over Sørfjorden er eit gamalt beiteområde blitt totalforandra og er klar for nydyrking. Her i Hardanger er dei kjende for sine mange plommer og eple.

Men morellar har det vore mindre av. Fram til no.

Nyleg fekk fire separate bønder ein idé som gav dei heilt nye moglegheiter.

– I utgangspunktet hadde me ikkje tenkt å starta opp, men så kom ideen om å gå saman og starta opp ei samdrift, seier Magnus Opedal.

Dei fire bøndene på Lofthus har nemleg investert rundt 4 millionar kroner og leigd eit 15 dekar stort felt for å produsera morellar saman.

Med topp moderne utstyr skal 2500 morelltre inn i plasttunnelar og tola både regn og vind.

– At me er fire bønder som går inn i dette er ein ny måte å gjera arbeidet på. Marknaden spør etter morellar og då må me prøva å levera det marknaden vil ha, seier Opedal.

Moreller i tunneler med utsikt over Lofthus.

TRE: På Lofthus skal rundt 2500 morelltre bli planta under plasttunnelar.

Foto: Tale Hauso / NRK

Stor etterspurnad etter morellar

– Morellane er konfekten i fruktproduksjonen, seier Leif Øie, fruktlagerinspektør ved GrøntProdusentenes Samarbeidsråd.

Gjennom sesongen utarbeider dei prognosar for fruktavlingane. I år er det venta litt over 400 tonn morellar frå rundt 120 produsentar landet rundt.

Telemark og Lærdal er dei største. Hardingane har derimot ikkje klart å halda følgje med utviklinga. Av norsk morellproduksjon kjem berre ca. 30 prosent frå Hardanger.

Alle dei fire fruktbøndene på Lofthus har hatt morellar tidlegare, men har som mange andre trappa ned. Tilbodet av norske morellar er i dei fleste år for lite til å dekka den norske marknaden.

Oversikt over konsum av morellar frå fruktlagera dei ti siste åra (tonn)

Dei tre fruktlagera i Sørfjorden har også gått saman i prosjektet «Meir Hardangermorellar», som har som mål å få fleire til å starta opp med morellar. Gjennom prosjektet blir det no planta 60 dekar morellar, fordelt på 12 felt i Ullensvang.

Mange fordelar

Fruktbøndene på Lofthus trur samarbeid kan vera vegen å gå for fleire.

Med morellar går store delar av sommarsesongen med til innhausting. Mange vegrar seg og for å satsa fordi morellen er så følsam for både regn og vind. Å ha morelltre under plasttunnelar er ein ny og innovativ metode, men samtidig veldig kostbart.

– Mange er kanskje halvstore i dag, men kan vera store nok saman, seier Knut Opedal.

Harald Alvavoll er fruktprodusent på heiltid, og dyrkar eple, plommer og litt pære. Han ser spesielt positivt på det sosiale med samarbeidet.

– Det er mange fruktbønder som går åleine, i alle fall dei som er fruktbønder på heiltid. Eg merker at eg går mykje for meg sjølv, så det er veldig kjekt å jobba fleire saman i lag.

Halldor Elling Eidnes trekk fram at samarbeidet gjer at dei har kompetanse som utfyller kvarandre.

– Dette er utvilsamt lærerikt, sosialt og gjevande. Eg vil på det sterkaste anbefala å samarbeida om slike prosjekt, seier Eidnes.

Knut Opedal

BONDE: Knut Opedal er ein av dei fire bøndene som har gått saman i morellproduksjon.

Foto: Tale Hauso / NRK