Hopp til innhold

Kommunane investerte stort før samanslåinga: No vurderer dei store kutt i mattilbod til eldre

Eigedomsskatt, kutt i mat til eldre og nedlagde skular. Dei samanslåtte kommunane må no handtere baksmellen etter pengebruken til forgjengarane.

Statsminister Erna Solberg møter beboere og spiser middag med dem ved Knarvik sjukeheim i 2018.

MAT FOR ELDRE: Statsminister Erna Solberg vitja Knarvik sjukeheim i 2018 der ho åt middag med bebuarar og (f.v.) dåverande ordførar Astrid Aarhus Byrknes og sjefskokk Hans Stapnes Johnsen.

Foto: Marit Hommedal / NTB

I 2018 var statsminister Erna Solberg på vitjing til Knarvik sjukeheim for å smake på maten.

No fryktar innbyggarane at det generelle mattilbodet til dei eldre skal bli svekka.

– Det er ikkje dei eldre som skal betale for at Alver kommune ikkje får til økonomien sin. Det synest eg blir heilt feil, seier Gry Kjersti Birkeland.

Ho reagerer på at heimkommunen i Vestland fylke vurderer å redusere mattilbodet til dei eldre for å spare pengar. No har ho starta ein aksjon for at dei eldre ikkje skal få det verre som følgje av kutt i kommunen.

Gry Kjersti Birkeland

UROA: Gry Kjersti Birkeland vil kjempe for at eldre framleis får behalde mattilbodet i Alver kommune. Her utanfor Velferdssenteret der svigermora bur.

Foto: Privat

Dårleg økonomi

Allereie før koronapandemien slo inn over kommunane i vår, sleit mange samanslåtte kommunar landet rundt med negativ økonomisk utvikling og aukande gjeld.

Åtte av ti kommunar som skulle bli samanslåtte fekk eit svekka netto driftsresultat frå 2018 til 2019. Berre åtte kommunar fekk eit netto resultat over dei tilrådde 1,75 prosentane av inntektene.

Det viser ei oversikt frå KS basert på førebelse rekneskapstal frå 60 av kommunane i februar.

NRK har gått gjennom ei anna oversikt frå KS med dei endelege rekneskapstala, som viser at 26 av 109 tidlegare kommunar hadde eit lite økonomisk handlingsrom ved årsskiftet 2019–2020. 57 hadde eit moderat handlingsrom.

Auka pengebruk før samanslåing

Nye Alver kommune i Vestland er blant dei som no må inn i heftige kuttrundar for å sikre balanse i drifta.

Først stod dei i fare for å få eit underskot på 41,6 millionar kroner for 2020. No er talet på 62,3 millionar kroner, ifølgje fylkesmannen.

Dei neste fire åra må kommunen kutte 175 millionar kroner, skal budsjetta gå i balanse. 66 millionar kroner må bort i helse og omsorg-sektoren.

Årsaka er at dei tre tidlegare kommunane Lindås, Radøy og Meland auka pengebruken før samanslåinga, mellom anna for å bygge nye skular og barnehagar. Med den nye kuttplanen kan nokon av dei bli sett på vent.

– No er det opp til oss å finne dei gode løysingane på dette så vi framover kan gjere investeringar og ha handlingsrom til det, seier ordførar Sara Hamre Sekkingstad (Sp).

Sara Sekkingstad

ORDFØRAR: Sara Hamre Sekkingstad (Sp) har ein jobb å gjere for å ordne opp i kommuneøkonomien.

Foto: Sølve Rydland

Problem landet rundt

Samanslåtte kommunar landet rundt slit med same problemstilling, ifølgje fylkesmann i Vestland, Lars Sponheim.

Han peikar på at Stortinget ikkje innførte nokon regulering av kor mykje lån kommunane kunne ta opp før samanslåingane.

– Derfor er det openbert at ein del av dei drog med seg veldig store kostnader. Det er sikkert nødvendige og gode investeringar, men i sum har det blitt mykje og krevjande, seier Sponheim.

– Eg har aldri sett ein så krevjande situasjon som det eg ser for kommuneøkonomien dette året, held han fram.

Risikerer Robek-lista

Om kommunane ikkje får kontroll på situasjonen, risikerer dei på sikt å hamne på den frykta Robek-lista, overvakingslista til staten.

I dag er det berre ein av dei 47 samanslåtte kommunane på landsbasis som er inne på Robek-lista: Hamarøy i Nordland.

I Vestland fylke har alle dei ni nye kommunane fått beskjed av fylkesmannen om å ta grep for å sikre balanse i budsjetta sine, det vere seg å kutte i utgifter, ta opp moderate lån eller auke sparepengane i disposisjonsfondet.

Kjemper for mat til dei eldre

No fryktar innbyggarane i Alver at kutta vil gå ut over mattilbodet til dei eldre.

Førre veke foreslo rådmannen i kommunen å droppe matutkøyringa i heimetenesta, slå saman demensavdelingar og «samordning av kjøkentenesta». Tidlegare har han lufta tanken om å legge ned kjøken på sjukeheimar.

I frustrasjon oppretta Birkeland Facebookgruppa «Kampen for ein verdig alderdom i Alver». 2700 personar melde seg inn i gruppa på eit par dagar, og talet nærmar seg 3000 medlemar måndag.

Fleire omtalar kutt i eldreomsorga som «ei stor skam», mens andre stiller spørsmål ved heile kommunesamanslåinga.

Birkeland har sjølv ei svigermor på velferdssenteret i kommunen.

– Eg ser kor mykje maten betyr for ho. Det er ikkje masseprodusert mat vi vil ha til dei gamle, dei har ikkje fortent det, seier aksjonisten.

Vurderer eigedomsskatt

No kan det bli aktuelt for Alver å innføre eigedomsskatt på hus, hytter og næring for å sikre nok inntekter i åra framover.

I tillegg bør kommunen utsette alle investeringsprosjekt som ikkje er sett i gang eller som er sjølvfinansierande, foreslår rådmannen. Det er i tråd med tilrådinga til fylkesmannen.

Tidlegare i haust foreslo rådmannen å legge ned skular og barnehagar og kutte innan PPT og spesialpedagogisk hjelp, ifølgje avisa Strilen.

Aksjonerer på politiske møte

Gry Kjersti Birkeland betalar gjerne eigedomsskatt dersom det reddar mattilbodet til dei eldre.

– Men då er det det som må skje, at det er derfor vi gjer det, understrekar ho.

Torsdag 24. september stiller ho opp for når formannskapsmøtet i kommunen skal diskutere kuttforslaga. Og 1. oktober blir det aksjon når kommunestyre skal behandle saka.

– Vi må jo vise at dette betyr noko for oss, seier Birkeland.