Hopp til innhold

Samanslåinga av fylka kan koste over ein halv milliard kroner

Arbeidet med å slå saman fylkeskommunane kan koste over ein halv milliard kroner. I tillegg kjem skilting og uventa utgifter.

Vegskilt Sogn og Fjordane Hemsedalsfjellet

MILLIONAR: Å til dømes skifte ut alle fylkesskilta langs vegane kjem i tillegg til den halve milliarden som er sett av til samanslåingane.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Summen kjem om vi slår saman budsjetta til fellesnemndene som førebur dei nye fylka Agder, Innlandet, Vestland, Viken, Troms/Finnmark og allereie etablerte Trøndelag.

Summen viser kva fellesnemndene meiner det kostar med til dømes møter og IT i 2018, 2019 og for nokre litt ut i 2020.

Anne Gine Hestetun, Rune Haugsdal

NYE VESTLAND: Prosjektleiar Rune Haugsdal. Leiar for Fellesnemnda Anne Gine Hestetun.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Kvart milliard i Viken

I Viken, samanslåinga av Østfold, Akershus og Buskerud, kan kostnaden komme på ein kvart milliard åleine.

Budsjettet er på 90 millionar kroner, men fylkestinga er bedne om å vere førebudd på at kostnaden til slutt kan bli 248 millionar kroner, ifølge budsjettvedtaket.

I Vestland, som er samanslåinga av Sogn og Fjordane og Hordaland, har Fellesnemnda vedteke å bruke 86,9 millionar kroner frå 2018 og litt ut i 2020.

Den største potten går til å få datamaskinene i dei to fylkeskommunane til å snakke saman. Det vil koste 44,35 millionar kroner.

Fylkesordførerne i det kommende Viken-fylket

VIKEN: Ole Haabeth (t.v.), Anette Solli og Roger Ryberg er fylkesordførarane i kommande Viken.

Foto: Tordis Gatueplass / NRK

– Tek det etter kvart

I Trøndelag var budsjettet for å slå saman dei to tidlegare Trøndelag-fylka på kring 40 millionar, ifølge assisterande fylkesrådmann Ole Trondstad.

– Det meste gjekk til IKT, fortel Trondstad.

Han seier at andre kostnader, som bytte av skilt til «Trøndelag», blir teke etter kvart. Budsjettet viser altså langt frå totalkostnaden.

I Agder er budsjettet sett til 43,5 millionar kroner ut 2019.

– Kva det vil koste i 2020 blir teke opp i økonomiplanen til sommaren, seier prosjektmedarbeidar Knut Lindland i nye Agder.

Udekt behov

Samanslåinga av Troms og Finnmark har eit budsjett på 30 millionar. I tillegg kjem eit behov for 30 millionar kroner ekstra, ifølge kommunikasjonssjef Trond Magne Henriksen.

Og for Innlandet, samanslåinga av Hedmark og Oppland, vil arbeidet med å etablere det nye fylket koste 60 millionar, ifølge budsjettet. År 2020 er ikkje blitt rekna på enno.