Hopp til innhold

«Mager og kledeleg brun og med eit ufortent dårleg rykte frå sitt tidlegare liv»

VIK (NRK): Høyr Ottar Wiik samanlikna gamalosten med kronprinsesse Mette-Marit under kabareten "Rundballeri hurra!"

Mette-Marit og gamalost

WIIKSK VISEINTRODUKSJON: - Gamalosten er kanskje ikkje noko kongsemne, meir som ein slags Mette-Marit i den royale ostefamilien, ifølgje Ottar Wiik.

Foto: NTP Scanpix/NRK (montasje)

Eit stappfullt ungdomshus i Vik braut ut i spontan latter då dei høyrde Ottar Wiik introdusera si eiga vise «Til gamalosten» under premieren av kabareten «Rundballeri hurra!» fredag kveld:

– No er det roquefort som vert rekna for å vera kongen blant ostane. Gamalosten er kanskje ikkje noko kongsemne, meir som ein slags Mette-Marit i den royale ostefamilien å rekna: Mager og kledeleg brun og med eit ufortent dårleg rykte frå sitt tidlegare liv, sa Wiik (sjå heile introduksjonen under).

Høyr Wiik sin introduksjon frå cirka 25:20:

Kabareten «Rundballeri hurra!» er ei kjærleikserklæring til folket langs fjordane, er mange sameleis glade i visene til Ottar Wiik.

Humor, ironi og dobbel botn

– Det er kvalitet og ordkunst både i tekstane, introduksjonane og kåseria til Ottar, seier Jens Brekke, kulturarbeidaren i Vik, som har arbeidd saman med Wiik dei siste 35 åra.

Wiik har fått mykje merksemd for visene sine i samband med kabareten, men introdusjonane er òg ein viktig del av framføringa.

Jens Brekke

FINURLEG: – Humoren, ironien og den doble botnen er varemerket til Ottar Wiik, seier Jens Brekke.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Der er så mykje utspekulert. Ikkje berre: "Ja, no skal me spela Rundballevisa..." Nei, han set rundballen inn i ein samanheng, som nykomar i kulturlandskapet vårt, prega av bratte slåtteteigar, bakkemurar, og så kjem eit perleband med kvite ballar langs alle bakkane våre, seier Brekke og legg til:

– Humoren, ironien og den doble botnen - det kjenneteiknar både visetekstane og introduksjonane til Ottar.

«Syng firstemt heilt åleine»

Rune Wold

IMPONERT: – Eg likar måten det blir gjort på, og ikkje minst dei lune og gode tekstane til Ottar, seier Rune Wold.

Foto: Kjell Vikestad

Kanskje var publikummar Rune Wold representativ for det fullsette ungdomshuset då han fredag kommenterte framsyninga slik:

– Det er heilt utruleg at Ottar har gått og pønska ut alt dette.

Jens Brekke meiner òg at kåsøren Ottar Wiik fortener merksemd. Wiik kåserte i mange år fast i mellom anna NRK Sogn og Fjordane.

– Eg hugsar eit lærarstemne i Sogndal. Ottar kåserte om gamlelæraren. Han som sat på Grini under heile krigen og skreiv bygdebøker på innsmugla sigarettpapir. Og då han kom ut att etter krigen, gjekk han fremst i 17. maitoget og song firstemt heilt åleine, heldt nasjonaldagstalen og dirigerte kor. Du skal spekulera litt før du finn på så mykje løge. Men det er Ottar sitt varemerke, seier Brekke.

Ottar Wiik

VISEMAKAR OG KÅSØR: Ottar Wiik frå premieren på kabareten 'Rundballeri hurra!'

Foto: Kjell Vikestad

Ottar Wiik sin introduksjon til visa «Til gamalosten»

«For dykk som sit her i kveld er det ei kjent sak at Vik er gamalosten sitt mekka, og eg er så heldig at eg bur halvtanna steinkast frå verdas største gamalostmeieri. Når vinden er god, kan eg faktisk kjenna det.

Og rett opp i vegen til hin kanten ligg Vik fengsel, og der kan eg få både celleterapi og soneterapi, men slikt treng ikkje me som et gamalost. Eg seier dykk: Kutt ut kostbare piller og preparat mot impotens og inkontinens og inkonsekvens og prøv gamalost.

Mange år
åt eg Cemenbert og Roquefort
og fekk bringeverk og magasår
og fransk aksent og gråe hår
Men ein dag i fjor
sa ho mor
prøv gamalost!
Eg tok lite grann og eg fann
men helsekost - gamalost!
No spring eg maraton på 2.02
og det er til og med i bestesko
med gamalost i baklommo!

No er det Roquefort som blir rekna for å vera kongen blant ostane. Gamalosten er kanskje ikkje noko kongsemne, meir som ein slags Mette-Marit i den royale ostefamilien: Mager og kledeleg brun og med ufortent dårleg rykte frå sitt tidlegare liv.

Og ein ting til: Det er ikkje gamalosten som er gamal; det er dei som et han som vert gamle.»

Frå premieren på kabareten «Rundballeri hurra!» i ungdomshuset Vikjahalli fredag 27. november 2015