Hopp til innhold

Samah, Tesfai og Khalil sikra pris til arbeidsplassen sin

Kiwi-butikken på Stord og 21 andre bedrifter har fått mangfaldpris av IMDi for integreringsarbeidet. – Skulle ønskje vi hadde fleire kandidatar, seier juryleiar.

Dei tilsette på KIWI i Sæ

PÅ JOBB: Samah Ibrahim (f.v.), Tesfai Zerea, Khalil Shekho har alle saman fått fast jobb i butikken Cecilie Meling er sjef i.

Foto: Henrik Mundal Andreassen / Sunnhordland

Mangfaldprisen er staten si utmerking for «framifrå bruk av innvandrarar sin kompetanse i arbeidslivet».

Blant dei 22 vinnarane i år, finn ein Kiwi Kunnskapshuset i Sæ på Stord. Dei fekk prisen fredag.

– Eg elskar jobben min, seier Khalil Shekho.

Han byrja å arbeida på butikken for tre år sidan. Det fyrste halvåret var han i praksis gjennom Nav.

– Eg har lært mykje om språk, å vera sjølvstendig, og om arbeidslivet i Noreg, seier han.

Shekho er kurdisk og kjem frå Syria. Han likar forholda på den norske arbeidsplassen.

– Det som er fint er at ein arbeider meir saman med sjefen her. Alle er meir like på jobb. Av og til rettar medarbeidarane min på språket mitt og lærer meg meir. Det er kjempebra, seier han.

Skulle ønska det var fleire

I grunngjevinga frå juryen står det at Kiwi Kunnskapshuset vinn fordi dei «er ein viktig integreringsaktør der mange raskt kjem seg ut i jobb og får ein sjanse».

Det blir trekt fram at dei også legg godt til rette for god språkopplæring for dei tilsette.

– Det var mange gode kandidatar, men eg hadde håpt det skulle vera mange fleire, seier Marit Warncke, administrerande direktør i Bergen næringsråd.

Ho leia juryen for Mangfaldprisen i Vestland. Ho er oppteken at kloke hovud kan ha bakgrunn frå alle kulturar.

Warncke meiner ein må løfta fleirkulturelle opp og fram i arbeidslivet på same måte som ein har gjort med kvinner.

– Ein av måtane å gjera det på, er å få plass fleire rollemodellar. Eg veit nesten ikkje om nokon toppleiarar med fleirkulturell bakgrunn i næringslivet i Bergen, seier Warncke.

Marit Warncke

ROLLEMODELLAR: Marit Warncke, administrerande direktør i Bergen næringsråd, vil ha fleire fleirkulturelle leiarar i næringslivet.

Nøgd med dei tilsette

Vinnarane, medlemmer frå dei regionale juryane og representantar frå Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi) var til stades under den digitale prisutdelinga.

– Det er veldig stas, seier butikksjef Cecilie Meling i Kiwi-butikken på Stord.

Ho fortel at dei på det meste har hatt åtte tilsette med innvandrarbakgrunn. No er dei tre. Alle har fått fast jobb.

– Dei har ein unik arbeidsmoral du skal leita lenge etter å finna maken til. Dei stiller alltid opp, og er alltid positive og blide, seier Meling.

Stundom kan det oppstå språkproblem, men det ser ho lyst på.

– Dei er flinke til å hjelpa kvarandre med språk om det er noko dei ikkje forstår. Kundane våre får mykje god hjelp, også dei som kjem frå utlandet, seier Meling.