Hopp til innhold

Fryktar sal av Frank Mohn kan råke næringslivet

Aktørar i næringslivet er uroa for at salet av Frank Mohn AS vil få konsekvensar for Vestlandet. – Ingenting å frykte, seier konsernsjef i svenske Alfa Laval.

Salet av Frank Mohn AS viser at industrien på Vestlandet e blitt meir sårbar enn før. Det trur aktørar i næringslivet. Dei fryktar at nye eigarar vil visa mindre samfunnsansvar.

UROA: Salet av Frank Mohn AS viser at industrien på Vestlandet er blitt meir sårbar enn før, trur aktørar i næringslivet. Dei fryktar at nye eigarar vil vise mindre samfunnsansvar.

I går blei det kjent at Trond Mohn sel familiebedrifta Frank Mohn AS for 13 milliardar kroner til svenske Alfa Laval.

På ein pressekonferanse i går sa Trond Mohn at det svenske selskapet har lova å fortsette med produksjon i Norge og at dei 1200 personane i bedrifta ikkje vil miste jobbane sine.

Men næringslivet på Vestlandet er uroa for at sal av bedrifta til Sverige kan komme til å råke landsdelen.

– Me har grunn til å stille spørsmålet: kjem dei nye eigarane til å halde fram med å utvikle denne landsdelen slik Trond Mohn AS har gjort til no? Det seier Ove Lunde i interesseorganisasjonen HOG Energi.

(Artikkelen held fram under biletet)

Framo Engineering sitt anlegg på Askøy.

INDUSTRIEN PÅ VESTLANDET BLIR MEIR SÅRBAR: Det seier aktørar i næringslivet NRK har vore i kontakt med. På biletet ser ein Framo Engineering sitt anlegg på Askøy, ei av bedriftene i Frank Mohn AS.

Foto: NRK

– Ingenting å frykte

Trond Mohn og konsernsjef i Alfa Laval, Lars Renström, besøkte i dag ulike anlegg i Frank Mohn konsernet.

Her uttrykte dei tilsette uro for arbeidsplassen sin.

– Dei har hatt to spørsmål. «Får me behalde jobbane våre?» og «skal Frank Mohn utvikle seg vidare og vekse?» Svaret er absolutt ja på begge spørsmål, seier konsernsjef Lars Renström.

Han seier dei tilsette ikkje har noko å frykte.

– Frank Mohn skal framleis drive med vidareutvikling av teknologi. Me har bedrifter i 55 land, og fleire av desse er sjølvstendige. Me har gode moglegheiter for å halde fram med å vekse.

Monica Mæland

– LOKALE EIGARAR HAR VORE BRA FOR BERGEN: Det seier næringsminister Monica Mæland.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

– Lokale eigarar har vore bra for Vestlandet

– Eg håpar at dei som har kjøpt selskapet er opptatt av å utvikle selskapet lokalt, seier Marit Warncke i Bergen Næringsråd.

Bergensselskapet Frank Mohn AS omsette i fjor for 3,4 milliardar kroner. Produksjonen går i hovudsak føre seg på Venjaneset i Fusa og på Flatøy i Meland kommune.

Næringsminister Monica Mæland håpar dei nye eigarane vil bidra til fleire arbeidsplassar og auka verdiskaping i byen.

– Som dei fleste andre bergensarar tykkjer eg det er vemodig når store familieselskap vert seld ut av Bergen. Me har erfart at lokale eigarar er bra for Bergen fordi dei har følt eit ansvar for byen, seier ho.

LES OGSÅ: – Et godt tidspunkt å selge på - Hordaland

Omstridt sal

Salet av Frank Mohn AS har fått sonen til Mohn, Frederik Wilhelm Mohn, til å reagere. Han har kalla salet «ei skam» og sagt at han vil vurdere å ta saka til retten for å stoppe salet.

– Kva tenker du om konflikten mellom far og son?

– Det er ikkje mi oppgåve å kommenter det, seier Renström.

Konsernsjefen er ikkje overraska over at kjøpet har fått mykje merksemd i media.

– Me visste at firmaet er respektert. I tillegg er det eit firma med mange tilsette i Bergensområdet. Eg skal bruke tid på å bli kjent med næringslivet i regionen, lovar Renström.

LES OGSÅ: Derfor røk far og sønn Mohn uklar - Hordaland

(Artikkelen held fram under biletet)

Far og sønn Mohn

FAR OG SON MOHN: Fredrik Wilhelm Mohn har kalla salet av familiebedrifta for «ei skam».

Foto: Scanpix/NRK