Dei krev at likningskravet frå 2001 blir oppheva. No hamnar saka i retten.
Vart rikast i fylket
I år 2000 vart oppdrettsgründeren Gudmund Strømsnes den rikaste i Sogn og Fjordane då han selde oppdrettsverksemda si, Norway Seafarms, til Pan Fish. Som betaling fekk han 200 millionar kroner i kontantar og Pan Fish-aksjar. Men han tapte heile formuen sin då Pan Fish-aksjen fall frå eventyrlege 79 kroner til godt under ei krone.
Null i formue og inntekt
No går altså Strømsnes Invest, som er eigd av familien til Gudmund Strømsnes, til sak mot fylkesskattekontoret i Sogn og Fjordane. Kravet er frå 2001, same året som oppdrettspioneren hadde null i både inntekt og formue. Året før hadde han 120 millionar koner i formue og 96 millionar i inntekt.
- Skuldar tre mill i skatt
Det er høgsterettsadvokat og skatterettsekspert Per Sandvik som representerer Strømsnes Invest og fire av eigarane. Han stadfestar at fylkesskattekonteret meiner at inntekta til investeringsselskapet må aukast til 4,5 millionar kroner, og inntekta til dei fire saksøkjarane aukast med 1,3 millionar kvar. Dermed blir dei skuldige om lag tre millionar i skatt.
- Kravet må opphevast
Men Sandvik seier kravet må opphevast fordi beløpa skal reknast som vanlege lån. Han opplyser at liknande saker i rettssystemet har gått begge vegar.
Vil ikkje kommentere
Ingeborg Strømsnes, som er dagleg leiar i Strømsnes Invest, vil ikkje snakke om skattekravet dei har reist mot fylkesskattekontoret. Fylkesskattesjef Aud Kari Isane seier ho ikkje kan kommentere saka før den har vore i rettssystemet.