Mann funnen med livstrugande skader etter leiteaksjon

Leiteaksjon i Nordhordland i natt. Ein 27 år gamal mann ligg på Haukeland sjukehus med kritiske skader.

Leiteaksjon i Meland etter mann (27) - funnen livlaus

Politiet har sikra staden der ein mann (27) vart funne livlaus i natt.

Foto: Oddbjørn Rosnes / NRK

Politi og mannskap frå Røde Kors har i heile natt vore ute å leita etter ein sakna mann i Meland kommune i Nordhordland. Mannen vart meldt sakna av nokre kompisar som var samla i eit hus, då han ikkje møtte opp til avtalt tid i 22-tida i går kveld.

– Vi sette i gang leiteaksjon og kalla inn mannskap frå Røde Kors. Vi skulle også tilkalle forsterkingar frå Norsk Folkehjelp, men klokka 03.40 gjorde vi funn av ein person i terrenget ikkje langt unna adressa, fortel operasjonsleiar Kjersti Eidsnes.

Den sakna mannen var livlaus, og det vert sett i gang livreddande hjelp på staden. Luftambulansen frakta vedkommande til Haukeland sjukehus.

Kritisk skadd

Politiet har i morgontimane fått ei oppdatering på tilstanden til 27-åringen. Han ligg kritisk skadd på Haukeland sjukehus.

– Vi undersøkjer kva som har skjedd, og har kalla inn dei fire personane på adressa på Frekhaug til avhøyr. Vi har sikra staden der den sakna vart funne.

– Det er førebels ikkje mistanke om at noko kriminelt har skjedd, seier Eidsnes, som ikkje vil kommentera om det var funne teikn på vald på den sakna.

Sakna av kompisar

Politiet var i utgangspunktet på adresse for å legge beslag på ein mindre mengde narkotika. Då fortalde ein av dei som var til stades at den 27 år gamle mannen var sakna.

– 27-åringen skal ha fått skyss til staden, men vart sluppen av eit stykke unna huset der resten av kameratgjengen var samla, seier Eidsnes.

Politiet fann først mobilen og lommeboka til den sakna mannen, før dei like etter fann han i terrenget ved vegen. Dei veit også kven bilføraren som skyssa 27-åringen til staden er. Vedkommande vil bli kalla inn til avhøyr med politiet.

27-åringen er busett i Sogn og Fjordane.

Laster kart, vennligst vent...